Longerak brygge 13. desember 2025. Foto.

Longerak brygge

Longerak brygge ligg langs Byglandsfjorden, nedst i innmarka til gardsbruket Innistog, på Longerak i Bygland.

På Kulturminnesok.no heiter det at brygga er bygd i 1867. Det er det året dampbåttrafikken på Byglandsfjorden tok til. Ho var i bruk av damprutebåten «Dølen» frå 1867 til 1931. «Bjoren» brukte brygga frå 1897, etter at båten var flytta frå Kilefjorden opp i Byglandsfjorden.

Brygga ligg ved eit berg der det er djupt vatn rett ned. Her må det ha vore lageleg å legge båtane inntil. Mykje av oppmuringa til brygga ser ut til å vere rasa ut, men framleis er det tydelege spor å finne.

Stykket held fram under biletet

Noko av oppmuringa til brygga kan me framleis sjå. Foto: Geir Daasvatn

Slutt for dampbåtane

Dampbåtane blei etter kvart utkonkurrerte av rutebiltrafikken på Setesdalsvegen og i 1930 blei selskapet som stod bak drifta oppløyst.

Olav Fransson i Vassend kjøpte begge båtane i 1931. Dei heldt fram med faste ruter til og frå dei veglause gardane på vestsida av Byglandsfjorden fram til desember 1957 og visstnok nokre få, meir tilfeldige turar og oppdrag etter det òg.

Sjå også

Kjelder

  • Torgeir Moseid, Frå kveg til cruise – DS Bjoren 150 år, utgjeve av Setesdalsmuseet, 2017
  • Artikkelen om Longerak brygge på Kulturminnesok.no

Fleire kulturminne

Volefossen – flotingsmurar
Rygnestadtunet – det mest særmerkte i Setesdal
Bygland kyrkje
Bykle gamle bru
Haugenloftet – ein unik kulturskatt
Gamle setesdalsvegen – Hornskilneset
Lundarhalsen – heidensk offerstad på Frøysnes?
Mjølkerampa på Torsland
Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale
Auvervassåi gamle bru – Bykle
Gjetarhytta på Bjåen
Gamle setesdalsvegen – Gylii

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.