Den lange muren med ein liten bøyg på seg 28. juli 2026. Foto: Geir Daasvatn

Volefossen – flotingsmurar

Fire steinskjermar på vestsida av Volefossen i Otra i Evje og Hornnes står att som minne etter den svære flotinga av tømmer som ein gong var på elva.

Tømmerflotinga på Otra blei driven frå sist på 1500-talet til kring 1980. Floting var den gamle måten å frakte tømmer på. Gjennom hundrevis av år bar elva tømmerstokkane på sin veg frå Bykle til Kristiansand. Men frå rundt 1930, og spesielt etter andre verdskrigen, kom lastebilane og tok gradvis over transporten.

Eg går ikkje nærare inn på denne svære verksemda her. Ho er grundig fortalt mellom anna i Andreas Vevstad si bok Fosskarane og Åna, som Fellesfløtningen i Otra gav ut i 1999. For Evje og Hornnes spesielt er det ei lita skildring i Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, bind I, 1990, s. 187–189. Men langs heile Otravassdraget ligg det framleis att svære steinmurar eller tømmerskjermar til minne om flotinga. Dei var meint å lette flotinga, ved å styre tømmerstokkane slik at dei ikkje la seg inn på land i viker og kilar.

Murane ved Volefossen

Volefossen ligg eit lite stykke sør for den meir kjende Syrtveitsfossen. Han er lettast å kome til frå Senumsvegen på vestsida av Otra.

Elva har to løp her. Det høgre, mot vest (mot Moseid på Hornnessida), blei brukt til flotinga. Her måtte det etter måten store arbeid til for å lette flotinga, er det sagt i Andreas Vevstad si bok. Fyrst kan det sjå ut til at at det blei gjort temmeleg enkle tiltak, som å sette opp faste tømmerbommar el. Men frå rundt 1904 og frametter blei det bygd i alt fire steinskjermar. To er temmeleg svære og to andre litt mindre.

Volefossen på Norgeskart.no. Dei fire murane er teikna inn med svarte strekar.

Lengst nord ligg ein kort mur «på tvers» av elva. Han skulle nok hindre at tømmeret kom inn på land. Etter tilhøva på staden kunne truleg elva gå inn her ved flaum.

Stykket held fram under biletet

Den korte muren som står "på tvers" 28. juli 2026. Foto.
Den korte muren som står «på tvers» 28. juli 2026. Foto: Geir Daasvatn

Like nedanfor den korte muren ligg ein lang mur langs elva. Han har ein liten «knekk» omtrent midt på og er eit flott syn. Biletet øvst i stykket syner den muren.

Eit lite stykke nedanfor ligg to murar til. Føremålet med dei må vel ha vore å styre tømmerstokkane nedover mot fossen, i staden for at dei flaut inn i eit elvelaup som kunne danne seg her ved høg vasstand. Om du tek ein kikk på kartet – eller unnar deg ein tur til den flotte Volefossen sjølv – ser du fort «problemet».

Mur nr. 3 rekna ovanfrå. Her er vasstanden i Otra låg. Men ved flom i elva ville vatn – og tømmer – renne inn her utan muren. Foto: Geir Daasvatn (2026)

Steinskjermane her og andre stader mellom Byglandsfjorden og Kilefjorden er alle temmeleg låge. Elva er breiare på dette strekket enn lenger nede. Ved flom (før dei store vassdragsreguleringane) steig vasstanden difor mindre her enn i det nedre og trongare løpet. Då kunne steinskjermane også bli bygde lågare.

Kjelder

Du vil kanskje også sjå

Den fjerde, nedste og minste av flotingsmurane ved fossen 28. juli 2026. Foto.
Den fjerde, nedste og enklaste av flotingsmurane ved fossen 28. juli 2026. Muren «stenger» eit lågare parti i landskapet mellom to berg. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Skomedal skulehus – Bygland
Haugenloftet – ein unik kulturskatt
Riksveg 400 – Syrtveit sør
Bykle gamle bru
Langeidsverdet
Postvegen – Skorpetveit
Nordstog Dale-loftet
Postvegen – Evje og Hornnes
Frøyrak gamle brygge
Telefonlinja Hovden–Bjåen
Træletveit gravfelt – Åraksbø
Minne kultursenter – Åseral

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.