Noko av kulturlandskapet på Flateland 20. august 2016. Foto: Geir Daasvatn

Rygnestad og Flateland kulturlandskap – av nasjonal interesse!

Rygnestad og Flateland i Valle er frå 2021 med i det nasjonale registeret over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA).

Frå før (2009) inngår området i satsinga «Utvalde kulturlandskap i jordbruket». Anten du er interessert i historie, kulturminne, kulturlandskap eller «bare» synest ei god, gammaldags blomstereng er det finaste som finst, vil eit besøk her vere er ei stor oppleving!

Det som møter oss om me tar oss ein tur hit, er eit jordbrukslandskap med stor variasjon, og som i si tid henta rikdom frå både jernproduksjon og fangst. I støylsområda gardane hadde oppe ved Lisle og Store Bjørnevatn finst det spor etter jernutvinning i både jernalder og mellomalder. Her gjekk også eit av dei største trekka for rein mellom sommar- og vinterbeite i Setesdal Austhei. Reintrekket må ha vore ein viktig ressurs for bøndene på Flateland og Rygnestad. Saman med produksjonen av jern har det skapt det overskotet som det svære gravfeltet på Flatelandsmoen er eit uttrykk for.

Gravfeltet på Flatelandsmoen. Foto: Geir Daasvatn

Flateland

Flateland ligg ned mot Otra. Langs elva ligg den svære sletta som gardsnamnet kjem frå. Den eldre busetnaden ligg på høgdedrag og i liene. Det store gravfeltet på Flatelandsmoen skal vere det største i Setesdal med minst 20 gravhaugar. Her er både runde og avlange haugar. Den største kallast Koshaug. Gravfeltet må ha vore i bruk i fleire hundre år, før dei største haugane blei bygde i vikingtida.

Vakkert kulturlandskap på Flateland. Foto: Geir Daasvatn

Rygnestad

Rygnestad ligg rundt ein kilometer nord-aust for Flateland. Garden grensar ikkje til Otra. Han ligg i eit særmerkt landskapsrom med innmarka på ei djup moreneavsetning som går langt oppover i liene. «Det er som eit halvope amfi med bratte lier rundt», heiter det i rapporten som er utarbeidd av Riksantikvaren om KULA Agder. Den store sletta i botnen av amfiet var tidlegare ei svær myr, som blei drenert og dyrka opp på 1930-talet. Eigedomane på Rygnestad spenner frå den enkle husmannsplassen Slengen til storgarden Rygnestad.

Rygnestadtunet er freda, og er eigd av Aust-Agder Museum og Arkiv ved Setesdalsmuseet. Museet er ope i sommarsesongen, frå om lag 15. juni – 15. august. Dei nøyaktige åpningstidene finn du på nettsida til Setesdalsmuseet. Men også utanom dei offisielle opningstidene med omvising er det ei stor oppleving å bare vandre rundt mellom dei gamle bygningane og kjenne på det historiske suset. Køyrer du forbi på Riksveg 9, vil du truleg aldri angre om du tek ein avstikkar på nokre få minutt opp til Rygnestadtunet. Planlegg du sommarferie i Setesdal, er Flateland og Rygnestad ein fantastisk fin dagstur å legge inn i programmet.

Rygnestadtunet, Valle. Foto.
Rygnestadtunet 3. oktober 2018. Foto: Geir Daasvatn

Kjelder

Kart over området

Om Rygnestad museum hos Visit Setesdal

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean