Hoslemobrua 26. desember 2017. Foto: Geir Daasvatn

Hoslemo gamle bru

Hoslemo gamle bru er ei steinkvelvbru over Hoslemobekken, på den gamle riksvegen mellom Bykle og Hovden.

Det blei bygd rideveg med breidde to meter frå Bykle kyrkje til Hoslemo som stod ferdig i 1895. Få år seinare søkte ein om utviding av ridevegen til køyreveg, altså veg for hest og kjerre.  Denne utvida vegen kunne takast i bruk i 1904. Truleg blei den gamle Hoslemobrua bygd då.

I 1907 kom det køyreveg frå Hoslemo til Berdalsbru. Frå 1924 var det køyreveg frå Berdalsbru til Hovden. Først i 1935 var vegen utvida til ordentleg bilveg heilt opp til Hovden.

I 1964 kom ny bru over Hoslemobekken, Hoslemobrua, mellom den gamle brua og Otra som renn rett aust for Riksveg 9 i dette området.

Stykket held fram under biletet

Brua på gamalt prospektkort. Frå samlinga til Ingebjørg Vegestog. Foto kopiert frå Lokalhistoriewiki.

Bakgrunn

Postvegen, den første ordentlege kjerrevegen oppover i Setesdal, var køyrbar til Valle kyrkje i 1844. Der stoppa arbeidet opp. Folka i dei øvre delane av Valle, og i heile Bykle, måtte framleis frakte varene sine på kløvhest. Det var tungvint. Men den kommunale viljen til å løyve pengar til veg vidare nordover til Bykle var ikkje stor. Først rundt 1865 blei det ordentleg fart i arbeidet. I 1879 stod vegen ferdig til Bykle kyrkje. Mykje av arbeidet var då gjort på dugnad av bygdefolk, skriv Leonhard Jansen i den glimrande boka om Postvegen som i dag er blitt til Riksveg 9.

Les meir om dei gamle steinkvelvbruene langs Riksveg 9 i Bykle

Kjelder

Meir om Setesdal

Fleire kulturminne

Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen
Postvegen – Moi
Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale
Futevegen – Klevelandskleiva
Riksveg 400 – Skomemoen
Frutti Frøyrak si grav
Riksveg 400 – Syrtveit sør