Nord for Mosby gjekk den fyrste køyrevegen oppover frå Kristiansand, dåtidas setesdalsveg, på vestsida av Riksveg 9 opp til Nilsedalane.
Den aller fyrste køyrevegen her var bygd i 1829 og gjekk opp Trebukleiva.
Denne ganske primitive vegen var ikkje i bruk så lenge. Alt i 1843 kom det ny veg opp til Nilsedalane (i dag berre kalla Dalane). Det var Nye Dalanevegen som dette lille stykket handlar om. Han blei lagt etter ei litt anna linje, noko nord for den fyrste. Denne «andre» vegen er i bruk som privat veg fram til garden den dag i dag.
Etter Nilsedalane heldt vegen fram over Buekleiv og den berykta Skottedalskleiva og kom ned til Homstean via Myrbotnkleiva og Knutskleiva.
I 1872–1874 blei hovudvegen så lagt om til den linja Riksveg 9 følger nå.
Stykket held fram under biletet

Eit par stikkord om veghistoria
Den fyrste køyrevegen nordover frå byen blei bygd 1721–1728. Med «køyreveg» forstår me då ein veg det var mogeleg å køyre med hest og kjerre på. Han gjekk berre til Klappane. I åra 1782–1790 kom han fram til Krossen. Vegen blei forlenga til Øvre Strai i same tidsrom. Frå 1791 til 1794 blei han bygd vidare til Mosby.
Det kom så eit opphald i vegbygginga nordover. Men i 1829–1835 blei det bygd veg vidare frå Mosby over den såkalla Skipmannsheia til Kile i Hægeland. Vegen opp Trebukleiva kom som alt nemnt då. Frå rundt 1840 til 1846 blei han endeleg forlenga gjennom Hornnes og vidare oppover i Setesdal til Valle kyrkje.
Vegen er mykje blitt kalla «Postvegen» i Setesdal. Sør for dalen, frå Kristiansand og nordover til Hægeland, har eg inntrykk av at han meir blir omtala som «gamle setesdalsvegen» eller berre «gamlevegen».
Kjelder
- Torfinn Normann Hageland, Gamle veger i Vest-Agder, utgjeve av Statens vegvesen Vest-Agder, 2000, s. 184.
- Artikkelen om vegen Geitevadstean–Nilsedalane (Nye Dalanevegen) på Kulturminnesok.no
Meir om den gamle setesdalsvegen i Kristiansand
- Grimsbrua
- Saldalskleiva på Aukland
- Auglandskleiva bru
- Den livsfarlege Auglandskleiva
- Hallbakken på Mosby
- Moldkleiv
