Straumen 23. mars 2024. Me ser nordover mot Skomedal. Foto: Geir Daasvatn

Straumen – husmannsplassen til ferjemannen

Husmannsplassen Straumen kom til i samband med at Postvegen kom opp gjennom Setesdal. Då var det viktig å få til ein ordna overfart over Storstraumen.

Plassen ligg 100–200 meter nord for Storstraumen, på austsida av fjorden. Det er på garden Nedre Kvåle sin grunn.

Ferjemannen

Det blei oppretta ei stilling som ferjemann. Han måtte ha ein høveleg bustad i nærleiken av ferjestaden. I 1844 blei det sett opp eit ferjehus og eit skjol, på eit lite skogstykke rett nord for Storstraumen.

Knut Alvson Moi (f. 1809, d. 1883) blei tilsett som ferjemann i april 1844, og busette seg på Straumen. Han var gift med Ingebjørg Aslaksdotter Austad (f. 1808). Ho var syster til storspelemannen Tarkjel Aslakson Austad. Borna deira skal ha vore svært evnerike.

Gjennom åra på Straumen måtte Knut fleire gonger betale store bøter. Han var skuldig i sal av både brennevin og ulovlege varer. Familien hadde det økonomisk trongt.

I 1858 kom den første brua over Storstraumen, og Knut Alvson mista stillinga si. Nå blei det nokre svært vanskelege år for Knut og familien hans. Reidar Vollen har skrive mykje om det i Bygland gard og ætt. I 1861 reiste han til Amerika med familien. Bare sonen Alv blei attende i Norge. To brør av Knut, Halvor og Salve, drog samstundes avgarde på den lange ferda over havet med familiane sine.

Stykket held fram under biletet

Murane etter det som vel må vere eit uthus eller fjøs. Me ser sørover dalen. Foto: Geir Daasvatn

Busett til 1891

Pål Olavson Frøysnes (f. 1833, d. 1892) budde på Straumen, truleg frå 1861. I 1888 flytta han med familien sin til Kvålsmo.

Etter det bruka Aslak Åsulvson Stigemo plassen ei tid, truleg til 1891 då han gifta seg. Etter at han flytta frå Straumen, heldt han fram med å bruke plassen i mange år. Han er nemnd som brukar heilt til 1903.

Husa på Straumen blei etter kvart rivne. I dag står bare grunnmurane att.

Kjelder

Du vil kanskje også lese

Fleire kulturminne

Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida