Den gamle setesdalsvegen ved Hornskilneset til høgre. Riksveg 9 til venstre. Foto: Geir Daasvatn

Gamle setesdalsvegen – Hornskilneset

Den gamle setesdalsvegen (nr. 2) bukta seg rundt på utsida av Hornskilneset i Kilefjorden, rett sør for kommunegrensa mellom Evje og Hornnes og Vennesla.

Heilt nord i Kiledalen gjekk den første køyrevegen for hest og hjulkjerre, Postvegen, frå rundt 1840 opp den bratte Kiledalskleiva. Det var eit veldig strevsamt stykke på «hovudvegen» oppover i Setesdal. Alt i 1884 blei vegen difor lagt om her. I staden for å gå opp den bratte kleiva, vart han lagt rundt Hornskilneset i Hornskilen i Kilefjorden. Det var vel det såkalla «bøttehankprinsippet» innan vegbygginga på den tida som vann fram: Vegen var like lang om han gjekk over eller rundt åsen. Men han fekk mindre stigning, og fylgde landskapet godt. Så kom han inn på den gamle vegen igjen etter nokre hundre meter rundt neset, ved Pederstjønn.

Stykket held fram under biletet

Vegen ligg på ei hylle i berget, med murar ut mot Kilefjorden der det var naudsynt. Foto: Geir Daasvatn

For å få til ein vegbane her er det sprengt ut ei hylle i fjellet som er oppmura på utsida. Terrenget går mest rett ned utanfor vegen i fleire meter. Eg kan tenke meg at dette måtte ha vore ein av dei mest aktuelle stadene å prøve å stogge den tyske framrykkinga mot Evjemoen i aprildagane i 1940. Men så skjedde som me veit ikkje.

I artikkelen om den gamle setesdalsvegen ved Hornskilneset på Kulturminnesok.no heiter det at han var i bruk til 1959. I dag på Riksveg 9 susar me tvers gjennom Hornskilneset i ei svær fjellskjering og ein lang sving.

Kart over området

Fleire kulturminne

Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen
Postvegen – Moi
Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale
Futevegen – Klevelandskleiva
Riksveg 400 – Skomemoen
Frutti Frøyrak si grav
Riksveg 400 – Syrtveit sør
Flatelandsmoen – Gjøvdal
I fotspora til setesdølane: Helveteskleiva ved Langevatn
Gamle setesdalsvegen mellom Fossåna og Tromyr i Hægeland
Setesdalsbanen – Dammen, Vassend
Straumen – husmannsplassen til ferjemannen