Gravfeltet ligg i skogholtet midt i biletet og litt bortover mot venstre. Foto: Geir Daasvatn

Ekra gravfelt – Eikjåknodden

Ved Eikjåknodden, på garden Bø sin grunn, på vestsida av Byglandsfjorden, ligg Ekra gravfelt med minst fem gravrøyser frå jernalderen.

Røysene ligg på oversida (vestsida) av vegen mellom Senum og Frøyrak. Fire av røysene ligg som på rekke og rad oppe på ein terrasse over vegen. Den femte ligg i skråningen litt nærare vegen, og lengst mot sør i feltet. Det ser ut til å vere grave noko i kanten av den røysa, kanskje for å ta masse då vegen blei bygd i si tid? Det skal også ha vore ei sjette røys som er blitt øydelagt under vegbygging.  

Alle røysene er runde og tydeleg markerte/synlege i terrenget. Dei er bygde av liten, mellomstor og stor rundkamp. Dei tykkjest vere urørte.

Gravfeltet har etter det eg skjøner ikkje vore veldig godt kjend utanfor lokalmiljøet. Røysene har ligge godt gøymde inne i skogen, rett ved sida av vegen. Men det har just (2024) vore ei større skogsdrift her. Steinrøysene er blitt mykje lettare å finne.

Det kan virke noko underleg at røysene ligg såpass langt frå Bø-garden i dag. Men i følge tradisjonen skal den opphavelege garden ha ligge her. Han skal ha blitt fråflytta fordi avlingane blei dårlege på grunn av frosten. Om det er hald i tradisjonen, gir plasseringa av røysene meir meining.

Kjelder

Du vil kanskje også lese

Dei to røysene som ligg lengst nord i feltet. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean