Blodsteinen på Løkjen 13. juni 2023. Foto: Geir Daasvatn

Blodsteinen – Åseral

Blodsteinen ligg like i vegkanten på Løkjen, på veg frå Kyrkjebygd til Ljosland i Åseral. Steinen har ei dramatisk historie knytt til seg.

I eldre tider var det nokre få menn som slo under seg all den jorda som fantest i Åseral. Valter Austru slo til seg alt på austsida, på heia og heime. Han blei difor kalla «Austrudsklubbå».

Naboen hans, mannen under Berg, var ein dette gjekk stygt ut over. Valter forsynte seg av jorda hans, teig etter teig. Bergsmannen tok aldri igjen, han trakk seg unna gong etter gong. Han fekk difor tilnamnet «Bergskrøkla».

Til sist drog han seg heilt opp til Løkjen, ein støyl han hadde i Røyslandsdalen på veg oppover mot Ljosland. Det var den siste jordlappen han eigde. Kunne han ikkje vere der heller, måtte han ut av dalen.

Han sette seg i staden opp mot Valter. Då slo Valter han ihjel. Det skjedde ved ein stor stein på støylen. Det er blodflekkar på steinen som ikkje forsvinn. Steinen ber namnet «Blodsteinen» den dag i dag.

Kjelder

  • Teksten er i all hovudsak henta frå info-skiltet som er sett opp ved steinen av Åseral kommune og Minne kultursenter
  • Kulturminneplanen for Åseral 2020–2025, s. 73

Du vil kanskje også sjå

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean