Dei gamle brukara ved Storebekk der Moldkleiva tek til. Foto: Geir Daasvatn

I fotspora til setesdølane: Moldkleiv på Mosby

Den gamle setesdalsvegen gjennom Mosby gjekk rett aust for dagens Riksveg 9, gjennom der Høie Fabrikker ligg i dag, og opp den bratte Moldkleiv.

Den første ordentlege køyrevegen mellom Mosby i Kristiansand og Kile i Hægeland blei bygd 1829–1835. Strekninga som er omtala her, Moldkleiv, blei bygd i 1829. Då Postvegen kom vidare oppover i Setesdal først på 1840-talet, og setesdølane endeleg kunne bruke hest og kjerre når dei drog på byferd, var det såleis denne vegen dei nytta når dei skulle til Kristiansand.

Frå Høie Fabrikker gjekk vegen først eit stykke nordover nært inntil dagens Rv-9, fram til Storebekk. Der kryssa vegen bekken på ei bru. Det står brukar her etter to bruer. Den første brua blei tatt av ein storflom i 1864, og ny bru blei bygd i 1865.

Etter bruene svinga vegen seg litt austover bak ein ås og opp den bratte Moldkleiv. Kleiva var berykta fordi snøen bråna tidlegare her enn ellers, slik at hesten måtte dra sleden over mold mens der ellers var snøføre.

Moldkleiv 29. mai 2023. Kleiva er ganske attgrodd. Men på høgre side er vegen bygd opp med høge steinmurar. Foto: Geir Daasvatn

Frå toppen av kleiva gjekk vegen litt vestover igjen. Han kryssa Storebekk på nytt ved Severins bru, rett ved noverande Rv-9.

Strekninga som er omtala her, frå Høie via Moldkleiv til Severins bru, var i bruk til 1867. Då var ny veg bygd opp dei bratte Høiekleivane, konsekvent langs vestsida av Storebekk. Det er her dagens setesdalsveg, Rv-9, ligg.

Fjellmannsvegen

Den endå eldre setesdalsvegen, ridevegen som ofte er kalla Fjellmannsvegen, gjekk også oppover og nordover i terrenget bak Høie Fabrikker, men noko lenger aust. Den vegen kom naturleg nok ut av alminneleg bruk i 1829, då «nye» Moldkleiv var bygd.

Kart over området. Du ser gamlevegen som stipla line nord for Høie Fabrikker

Kjelder

Du vil kanskje også lese

Fleire kulturminne

Postvegen – Bjørnarå
Postvegen – Bykle
Ramselia – Øvre Dåsvatn
Birkelandsfossen – flotingsmur
Evje kyrkje
Røysland gravfelt i Valle
Sandnes kapell
Apledokk – husmannsplassen til Dalskjempa
Haslebakken – Ose
Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale
Bjoneskleivi – Bykle
Postvegen – Sveigefoss

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.