Fånefjell vegmiljø er eit nasjonalt verna vegminne ved Fånefjell mellom Longerak og Lauvdal i Bygland. Kulturminnet omfattar fire generasjonar vegar frå meir enn 500 år i tid.
Det bratte og vanskelege terrenget viser kva utfordringar vegbyggarane hadde tidlegare. Her finn vi spor av den eldste kløvvegen og den første køyrevegen frå 1842, som begge går over fjellet. I 1923 la ein vegen rundt fjellet, delvis i halvtunnel, og i 1962–1963 sprengte ein ny veg i tunnel gjennom fjellet.
Vegmiljøet i Fånefjell har nasjonal verdi som kulturminne.
Kløvvegen
Den bratte Kattedalsheia (Lisle Fånefjell) ved Fånefjell var ei utfordring for ferdsla. Den gamle kløvvegen opp den bratte lia var bare egna for reisande til fots eller på hesteryggen. Kløvvegen ser ein i dag som ein stig, stadvis som ein holveg.
Postvegen
Stortinget løyvde i 1839 pengar til utbygging av «Postvegen» gjennom Setesdal. I 1842 kunne ny køyreveg opnast over Fånefjell. Også denne vegen var svært bratt med høge natursteinmurar med stabbestein som rekkverk. Midtvegs i bakkane på sørsida, i Fånekleiva, står ein milepæl i støypejern frå 1855. Etter eit ras i 1870 blei vegen lagt om med to svingar og slakare stigning. Også i nyare tid har det vore ras ved vegen, seinast i 1997.
Halvtunnelen

I 1909 skal den første bilen ha køyrd opp Fånekleiva. Då Setesdal Bilruter tok til med rutebussar frå Ose til Berdalsbru i 1920, kom det krav om veg rundt Lisle Fånefjell. Denne vart opna i 1923. På grunn av den svært bratte fjellsida og faren for ras, vart vegen delvis sprengt inn i fjellet som halvtunnel. Vegen følger langs fjorden på ei fylling av tørrmurt stein. I 1940 blei det bygt ein treoverbygning mot ras. Han stod oppe til vegen vart lagt ned i 1963.
Fånefjellstunnelen
Aukande trafikk førte til stadige utbetringar av vegen, mellom anna utviding av halvtunnelen. Ved utbygginga av Brokke kraftverk måtte ein få fram større køyretøy. Halvtunnelen blei for trong. I 1961–1962 blei ny veg difor lagt i tunnel gjennom fjellet. Då slapp ein også unna rasproblema på vegen langs fjorden.
Dei gamle vegane over Fånefjell er restaurerte av Statens vegvesen og Bygland kommune. 1842-/1870-vegen over fjellet er open som turveg. Sørenden av 1923-vegen med halvtunnellar er stengt for publikum grunna rasfaren.
Kjelde
Meir om Setesdal
