Rygnestadloftet. Foto: Geir Daasvatn

Rygnestadloftet

Rygnestadloftet er eit særmerkt loft (stabbur) i Rygnestadtunet på Rygnestad i Valle.

Loftet er bygd av Vonde-Åsmund Rygnestad (1540–1596) ca. 1590, på garden hans Nordigard Rygnestad. Det verdsettast for sine fine proporsjonar, svært gode handverk og materialbruk. Laftet har særleg store dimensjonar.

Forsvarsbygg?

Loftet blei ifølge tradisjonen brukt til forsvar. Der er ei lita luke som fører til ein underjordisk gang som endte opp i holtet nokre ti-metre ovafor loftet og som ein kunne rømme gjennom.

Første etasje, bursdelen, blei brukt til lagring av matvarer. Her står også ei seng. Andre etasje var til lagring av klede, tekstilar og finare gjenstander. Etasjen har ein svalgang. På baksida er det utbygg for ein såkalla «hemmelighet», ein do som var åpen ned til bakken. I Setesdal er det ikke kjent andre eksempler på do i utbygg i svalgang.

Rygnestadloftet er eit praktbygg og fungerte som statussymbol, men var i første rekke ein bygning oppført for praktiske formål.

Sjå også

Kjelder

Fleire kulturminne

Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen
Postvegen – Moi
Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale
Futevegen – Klevelandskleiva
Riksveg 400 – Skomemoen
Frutti Frøyrak si grav
Riksveg 400 – Syrtveit sør