Rygnestadtunet 3. oktober 2018. Foto: Geir Daasvatn

Rygnestadtunet – det mest særmerkte i Setesdal

Om du er på ferie i Evje-området, og har tilhald til dømes på ein av dei fine campingplassane i nedre Setesdal, eller kanskje på ærverdige Dølen Hotel, eller for den saks skuld kosar deg med sommarferie på hytta di, kan ein dagstur oppover i Setesdal til Valle og Rygnestadtunet vere ei stor oppleving.

Ja, eg vil påstå at endå om du er etnisk honndøl eller evdøl, så er ein tur til Rygnestadtunet ei reise du skulle gjere iallefall ei gong i livet. Om du er heldig og det er vindstille, er køyreturen langs Byglandsfjorden og Åraksfjorden i Bygland som å køyre gjennom eit draumeland.

Har du litt flaks med veret, er dette omtrent slik landskapet rundt Byglandsfjorden vil sjå ut frå bilvindauget. Foto: Geir Daasvatn

Rygnestadtunet er det mest særmerkte gardstunet i Setesdal, og eitt av dei mest særprega museumsanlegga i landet. Det er eit autentisk gardstun der alle bygningane med unntak av kverna i bekken er bygde på staden. Dette er garden etter segne-helten Vonde-Åsmund Rygnestad (ca 1540–1596).

Det er Setesdalsmuseet som tek vare på garden. I sommarsesongen er det ope dagleg kl. 11–17. Utanom sesongen kan du beundre dei vakre bygningane utanfrå.

Vakkert kulturlandskap

Rygnestad og nabogarden Flateland er eit utvald kulturlandskap, som blir spesielt teken vare på av nasjonale myndigheitar.  Å vandre stille rundt i dette vakre gardslandskapet, og bare la inntrykka sige inn, er ei oppleving i seg sjølv. Du kan til dømes ta ein runde i Rygnestad turløype, forbi dei vakre gamle bygningane i Åreholti, eller gå opp bakkane til den fint restaurerte husmannsplassen Slengen. På Flateland kan du ta ein kikk på gravfeltet, eitt av dei største i Setesdal, om du interesserer deg for denslags.

Vakkert kulturlandskap på Flateland, nabogarden til Rygnestad. Foto: Geir Daasvatn

Eit par tips på heimvegen

Heile vegen oppover i Setesdal, og tilbake att, er det spennande ting å sjå og oppleve. Men kor mykje får du tid til på ein dag? Kanskje ein stopp og middag på «eventyrslottet» Sølvgarden Hotell og Feriesenter på Rysstad på heimvegen kunne vere ein idé. På Rysstad ligg også hovudkvarteret til Setesdalsmuseet. Men eit besøk der har du knappast tid til akkurat denne dagen. Når du er på Ose, på heimveg, kan du svinge over Ose bru og køyre sørover på austsida av Åraksfjorden. Når du kjem til Åraksbø bør du svinge oppom busetnaden og ta ein kikk på det berømte Haugeburet, bygd 1217/1218, og såleis ein av dei eldste trebygningane i landet. Rett sør for Årdal kyrkje, i Grendi, står den eldgamle Landeeiki. Ein kort stopp her treng bare ta 5–10 minutt, men kan gi ei oppleving for livet.

Som du skjøner, er dette bare eit par små innspel eller idéar til kva du kan sjå på ein tur oppover i Setesdal. Vil du sjekke ut fleire fine opplevingar, eller er du på utkikk etter meir actionprega aktivitetar, er det ein god start å byrje med den offisielle informasjonssida for heile Setesdal, som Visit Setesdal opererer.

Les meir om Rygnestadtunet

Meir om Setesdal

Fleire kulturminne

Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven