Langerak kraftstasjon 28. april 2017. Foto: Geir Daasvatn

Langerak kraftverk

Langerak kraftverk er eit vasskraftverk i grenda Longerak i Bygland. Det spesielle kraftverksbygget er vel verdt eit besøk i seg sjølv. Er du i området likevel, til dømes for å gå i turløypa opp til Snipa, har du ein ekstra god grunn til å studere praktbygget litt nærare. Det ligg i skogen, rett på oversida av Riksveg 9.

Kraftverket blei bygd på austsida av dagens Riksveg 9, på Suggeberg si vesthelling, i 1915. Staten let kraftverket byggja for at tuberkulosesanatoriet i Landeskogen skulle få straum. Det nyttar ein del av fallet frå magasinet Longeraksvatnet i Longeraksåni som vert regulert mellom 598 og 594 moh. Men sidan det ligg om lag 60 meter høgare enn Byglandsfjorden nyttast ikkje heile fallhøgda på rundt 300 meter. Produksjonen starta i 1916. Opphaveleg hadde kraftverket tre aggregat. I dag har det eitt aggregat, og ein samla effekt er på 1,5 MW med ein midlare årsproduksjon på 8 GWh.

I 1925 tok Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen over kraftverket. i 1962 gjekk det over til Aust-Agder Kraftverk. Frå 2001 er det i Agder Energi si eige.

Langerak kraftverk – eit «mellomalderslott»

Kraftstasjonen er teikna av arkitekt Kristian Hjalmar Biong, og har forblending i naturstein, med rike detaljar. Stilmessig har den blitt samanlikna med eit fransk seinmellomalderslott eller eit byggverk i engelsk romantikk. Sjølve murarbeidet skal ha blitt utført av den kjende gråsteins-murmeistaren Gunnar Larsen frå Evje.

Kart (Sjå eigedomen Setesdalsvegen 2110)

Kjelder

Meir om Setesdal

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean