Almkleiv rett nord for Homsmonen 6. mars 2024. Når du kom sørfrå, og var på veg nordover til Setesdal, var dette ei av dei bratte kleivane du måtte slite deg oppover saman med hesten. Foto: Geir Daasvatn

I fotspora til setesdølane: Almkleiv i Øvrebø

Almkleiv var eit kronglete stykke på den første setesdalsvegen, på Homme i Øvrebø.

Frå baksida av det store, grøne militærlageret nord på Homsmonen, på vestsida av Riksveg 9, nord på den lange Hommesletta, går Almkleiv over til Store Almen, avbroten av ei myr som var trandla.

Vegen her blei bygd i 1829–1833, og var bare i bruk nokre få år. Alt i 1848 blei han lagt om, meir i det området riksvegen går i dag. Den gamle vegen har seinare blitt traktorveg, og er ikkje så mykje att av lenger.

Stykket held fram under biletet

Sjølv om myke av gamlevegen er borte, kan me sjå steinmurar og andre spor om me kikkar litt etter. Foto: Geir Daasvatn

Setesdølane blei skjenka av sine eigne

I Homsmonen var det skyss-stasjon og gjestgiveri. Her var det setesdølar som slo, sparka og spente ein bymann i 1845. I saka kom det fram at setesdølane merkeleg nok var mest drukne når dei var på veg nedover til byen. Grunnen skulle vere at dei blei skjenka av sambygdingar som var på heimveg etter å ha vore innom bolaget i byen. Det er Torfinn Normann Hageland som skriv dette i boka si om gamle vegar i Vest-Agder. Han har svært mykje godt stoff om den gamle setesdalsvegen i boka si.

Kart over området

Kjelder

  • Torfinn Normann Hageland, Gamle veger i Vest-Agder, utgjeve av Statens vegvesen, 2000, s. 185–186
  • Artikkelen om Almkleiv på Kulturminnesok.no

Fleire stykke om den gamle byvegen til setesdølane

Den gamle vegen bortover mot Almkleiv frå Homsmonen 6. mars 2024. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean