Reiersdalskleiva 10. januar 2017. Den eldste traseen nærast, den litt yngre lenger oppe i bakken. Foto: Geir Daasvatn

I fotspora til setesdølane – Reiersdalskleiva i Øvrebø

Reiersdalskleiva er eit vegstykke på den gamle Setesdalsvegen på Reiersdal i Øvrebø i Vennesla.

Den første traseen her blei bygd 1829–1833. Han var i bruk til 1884 («Gamle Reiersdalskleiva»). Då kom det ein ny trase litt høgare oppe i terrenget («Nye Reiersdalskleiva»). Denne nye kleiva var i bruk til 1965, då vegen blei flytta litt austover til der Riksveg 9 går no.

Stykket held fram under biletet

Den gamle Reiersdalskleiva framst i bildet, den nyare kleiva frå 1884 bak. Foto.
Den gamle kleiva frå 1829–1833 framst, med den nyare kleiva frå 1884 bak. Foto: Geir Daasvatn

Brua i botnen av den «Gamle Reiersdalskleiva» er ei steinkvelvbru. Ho er bygd i 1861, og var i bruk til 1884. Før 1861 var det ei trebru over bekken her.

Stykket held fram under biletet

Steinkvelvbrua frå 1861. Foto: Geir Daasvatn

I 1884 blei det bygd ei ny steinkvelvbru over bekken, nokre meter vest for den gamle steinkvelvbrua. Denne nye brua var i bruk på Setesdalsvegen til 1965. Ho er framleis i bruk som del av bygdevegen gjennom grenda.

Stykket held fram under biletet

Brua frå 1884. Foto: Geir Daasvatn

Køyrevegen nordover frå Kristiansand kom fram til Kile i 1835. Først i 1839 vedtok Stortinget å bygge køyreveg vidare til Valle. Denne vegen, Postvegen som han er kalla, var farbar til Valle i 1844 og ferdig i 1846.

Kart over området

Kjelder

Du vil kanskje også sjå

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean