Gamle murar etter Postvegen 22. april 2020. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Nesmoen

På Nesmoen i Bygland er det framleis tydelege spor etter Postvegen, den første ordentlege kjerrevegen oppover i Setesdal.

Etter å ha kome forbi Setesdal Hotell på Nesmoen, på veg nordover, tek Riksveg 9 ein slak sving mot høgre og kjem til Urdviki. Det er der den svære rasvollen er bygd. Postvegen, og den gamle riksvegen, gjekk i staden meir rett fram her, før dei svinga seg mot aust igjen og fram til kanten av Urdviki. Dei gamle vegane er lettare å sjå enn før, etter at skogen i området blei hogd for ei tid sidan.

Tre generasjonar veg

Gamlevegen rett nord for Setesdal Hotell. Riksveg 9 i bakgrunnen. Foto: Geir Daasvatn

Det første stykket bortover, etter Setesdal Hotell, ser det ut til at Postvegen og den gamle riksvegen har følgd den same lina. Men litt nærare Urdviki, kan me med å leite litt i skogbotnen nedforbi den nyare vegen sjå tydelege spor etter ein eldre veg. Følger me spora framover mot fjorden, kjem me til nokre fine, gamle steinmurar som tydeleg syner kor Postvegen gjekk. Han låg noko lågare i terrenget enn dei seinare riksvegane. Det må sikkert ha å gjere med at Byglandsfjorden ikkje var regulert då Postvegen blei bygd forbi her tidleg på 1840-talet. Vasstanden var lågare.

Stykket held fram under biletet

Den gamle riksvegen til høgre. Nedanfor der (til venstre) er det spor etter ein endå eldre veg framover til muren me ser på framsidebiletet øvst på sida. Bak skimtar me Riksveg 9. Foto: Geir Daasvatn

Vidare nordover langs austsida av Urdviki er Postvegen blitt borte under dei seinare vegomleggingane. I den framifrå boka om vegar og vegminne langs Riksveg 9, av Leonhard Jansen m.fl. (2018), er det kart som syner korleis dei gamle vegane gjekk her.

Lett å finne fram!

Det er litt moro å sjå spor etter dei gamle vegane. Nå er det som sagt veldig enkelt å ta seg fram her. Om du parkerer til dømes ved hotellet, er det kanskje rundt 100 meter å gå nordover til der dei gamle vegane byrjar. Du ser lett kor dei tek til.

God tur!

Nesmoen med gamlevegen innteikna på Norgeskart.no

Her kan du finne mange fleire artiklar om Postvegen

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean