Gravfeltet med ei av dei svære Haugeteddan 24. februar 2017. Foto: Geir Daasvatn

Sordal nordre gravfelt med Haugeteddan

Sordal nordre gravfelt ligg på Sordal, på austsida av Otra, nord i Bygland.

Feltet er om lag 175 meter langt og 70 meter breitt. I alt ligg det 20 rundhaugar og fire langhaugar i feltet.

Den største rundhaugen har ei vidde på 17,5 meter og er ein meter høg. Største langhaugen er på 15 x 11 meter og noko høgare.

Haugeteddan

Det er svære dimensjonar over Haugeteddan! Foto: Geir Daasvatn

Haugeteddan er ei rekke med fleire store furutre som vart freda i 1937. Dei veks oppe på gravfeltet.

På gamalt mål blei furu omtala som «toll», og lokal uttale vart todd. Fleirtal av todd vert teddar, derav namnet Haugeteddan.

På gamle bilete kunne ein sjå at det sto elleve kjempesvære furutre på rekke. Nokre av desse er heilt borte i dag. Andre er det bare restar av. Men eit par av trea er ennå levande. Det er dei som står nærast låven på garden. Det største av dei reknar ein med at inneheld sju kubikkmeter. Det kan kanskje vere rundt 500 år nå.

Korleis finn du fram

Frå Riksveg 9 på Ose kan du ta over til austsida av Otra på Ose bru. Ved første vegkryss etter brua tek du nordover forbi Austad og Heistad. Når du kjem til Sordal, køyrer du forbi alle husa, til der fylkesvegen sluttar og den private kraftverksvegen tek til. Feltet ligg rett nord for dei siste husa på Sordal, mellom fylkesvegen og Otra.

Kart over Sordal

Alternativ rute

Om du kjem frå nord i Setesdal, kan du ta over elva til Straume i Hylestad. Derfrå køyrer du sørover forbi Åraksøyne Motorsportsenter. Rett etter «flystripa» kjem du til det spennande og imponerande Røysland gravfelt. Nå kjem du inn i Bygland nordfrå. Du skal forbi garden Birkeland og til Sordal nordfrå.

Kjelder

Rett i nærleiken

Meir om Setesdal

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean