Ekron 2. november 2024. Foto: Geir Daasvatn

Ekron – Nordre Haugetveit

Ekron er ein gardpart nord for Haugetveit i Åraksbø som i dag høyrer til alle tre hovudbruka på Søndre Sandnes i Bygland. 

 Arealet er om lag 12 000 mål.

I mellomalderen var Ekron eigen gard, truleg med busetnad, kalla Nordre Haugetveit. Åkerreiner fleire stader syner at her var dyrka mark.

Haugetveit blei altså delt ein gong langt tilbake i tida. Korleis gjekk det til? Den mest kjende segna, fortel Reidar Vollen i Bygland gard og ætt, er at ei jente frå Haugetveit blei gift til Sandnes og fekk med seg halve Haugetveit-garden som medgift.

Ekron er omtalt som «Haugetveit øyde» på byringa av 1600-talet. Staden blei seinare brukt som støylar for Søndre Sandnes. Støylsbuene står bare eit par hundre meter nord for husa på Haugetveit. Støylsbruken heldt fram til 1950-talet. Det blei slått gras her så seint som først på 1960-talet.

Støylsbuene til alle tre bruka på Søndre Sandnes står enno høgt oppe i det gamle støylsområdet.

Ekron–Haugetveit på Norgeskart.no

Kjelder

Sjå også

Klikk på bileta for å endre storleik

Fleire kulturminne

Åmdalskleiva på den første Dalevegen
Skraddarburet – Åseral
Sandbekk jernbanebru – Sandbekkbrua på Rv-9
Reiårsfossen gamle bru – eit vakkert vegminne
Ramselia – Øvre Dåsvatn
Riksveg 400 – Skomemoen
Slengen – Rygnestad
Kjetsåbrua – Hornnes
Heddessteinen
Hattefossbrua – Hornnes
Sandnes kapell
Åseral kyrkje

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.