Årdalsvegen 29. juni 2017. Foto: Geir Daasvatn

Årdalsvegen – fin køyretur i nydeleg heieterreng!

Dette er ein privat skogsbilveg som går frå Haugetveit i Åraksbø om lag 10 kilometer austover forbi Heimre Grunnevatn og Austre Grunnevatn i Bygland austhei til Åraksåna (Tovdalselva) i Årdalen.

Årdalsvegen går gjennom eit naturskjønt heieområde. Ved enden av vegen er du altså inne i Årdalen, eit freda naturreservat som strekker seg sørover heilt til Rjukanfossen i Tovdal. Dette er eit større, samanhengande naturområde som er lite påverka av menneskelege inngrep. Men Årdalen er eit eventyr i seg sjølv, som eg med unnatak for ein køyretur til enden av vegen endå ikkje har fått tatt meg på tak og sett. Det må bli ein eigen artikkel seinare ein gong.

Køyring med bil mot ei lita betaling

Det er ei betalingskasse ved bommen på Haugetveit. Der kan du betale 100 kroner for eit dagskort og køyre på vegen. Interessentane i vegen er organiserte i Årdalen veglag.

Straks etter at vegen har passert Åraksåna på bru, ved Sveigshyl, er han stengd med bom. Ei grein går vidare nordover om lag to kilometer til Årdalstøyl. Ei anna grein svingar sørover forbi Sveigi og går fram til Furebuvatn. Arbeidet med vegen tok til i 1977, og blei sluttført fram til Sveigsbru i 1982. Dei to greinene til Årdalstøyl og Furebuvatn var sluttførte i 1987.

Anten du «bare» vil ha ein køyretur for å sjå deg litt rundt, om du vil ta ein lang sykkeltur eller om du rett og slett vil legge ut på ein langtur til fots, er ein tur langs vegen ei verkeleg fin oppleving. Då er var innover her køyrde eg bil og hadde med sykkel, og sykla det korte stykket inn til Årdalstøyl. Ein nydeleg tur! Frå støylsbua er det ikkje langt å gå gjennom terrenget, kanskje rundt 1,5 km, til det store vatnet Topsæ.

Forteljaren Hallvard Eldhuset

Årakingen Hallvard Eldhuset (f. 1914, d. 1976) har skrive mange historiar frå traktene innover mot Årdalen. Mange av dei kan du finne i elektronisk form i artikkelen om han på Setesdalswiki.

Korleis kjem du hit

Ved Storstraumen fire km nord for Bygland sentrum tek du av frå Riksveg 9 og køyrer mot Åraksbø på austsida av Åraksfjorden. I Åraksbø tek du inn på bygdevegen, og etter kvart inn på vegen som går oppover dalsida til Lidtveit og Haugetveit. På Haugetveit skal du litt forbi den svære nye driftsbygningen, og kjem straks til bommen der du må betale for å køyre vidare.

Om du kjem nordfrå på Rv-9, tek du over Ose bru mellom Ose sentrum og Reiårsfossen. Nokre hundre meter etter brua er det eit kryss, der veg går nordover til Austad og sørover mot Åraksbø. Køyr sørover langs fjorden til du kjem til Åraksbø. Der svinger du oppover Bryggjevegen, og ved enden av den vidare mot Haugetveit.

Dei offisielle turistsidene for Setesdal 

Kart

Kjelder

Når du først er forbi Åraksbø

Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!

Del "Årdalsvegen – fin køyretur i nydeleg heieterreng!"