Hamregruva 18. juli 2022. Foto: Geir Daasvatn

Hamregruva – Bygland

Hamregruva er ei nedlagt kopargruve i Hamreheia, vest for Vormevik på vestsida av Byglandsfjorden i Bygland.

Gruva ligg på toppen av ei bratt fjellside ned mot fjorden. Stien opp til gruva frå garden Hamre nede ved fjorden heiter Munketo. Stigninga er om lag 300 meter. Monika Lund Smeland og Johnny Smeland er dei heldige grunneigarane på Hamre.

Den eldste gruva i Setesdal?

I alle fall før 1826 vart det oppdaga at det var kopar i fjellet her. I sitt store verk om gruvedrift og nikkelindustri i Setesdal, er Sigmund Monen inne på om det kan ha vore munkedrift etter kopar på Hamre så langt tilbake som i mellomalderen (1500-talet). Det kan du lese mykje meir om i denne artikkelen. Isåfall er Hamregruva den eldste i heile Setesdal. I 1845 gjorde Det Sæthersdalske Kobberværk undersøkingar i fjellet, men gav opp å drive. I 1867 skal Lars Liestøl og ein student Geelmuyden ha mina i gruva, utan at det blei noko ut av dette.

Kjetil Bygland

I 1908-1909 dreiv bonde og kaptein Kjetil Bygland Hamregruva. Det blei bygd ei mannskapsbrakke som kunne huse opptil 20 mann. Ho låg truleg rett sør for gruva, oppe på fjellet om lag ved ved toppen av Rysefossen. Bygland fekk og bygd ein 350 meter lang taubane frå skjerpet og ned til Byglandsfjorden. Det kunne gå ei korg opp og ei korg ned på same tid. Det skal det ha arbeidd 10–12 mann i gruva då. Produksjonen kan ha vore rundt 80 tonn malm.

Mot 1. verdskrigen

Produksjonen var ikkje rekningssvarande for Kjetil Bygland, og han leigde bort gruva til ein T. Kraft. Etter at han hadde drive ei lita stund, kom eit tysk kompani inn i biletet. Det selskapet hadde prøvedrift i gruva i 1910, og det var noko drift i gruva framover mot 1. verdskrigen som starta i 1914. Gruvefolka skaut seg innover og nedover i fjellet, trilla malmen ut på trillebårer og sende han ned lia med taubanen. Nede ved Byglandsfjorden blei malmen lessa på lekterar og slept til Byglandsfjord. Transporten vidare til Kristiansand var med Setesdalsbanen. Den lengste gruvestollen går rundt 50 meter innover i fjellet.

Litt nord for hovudgruva er det skote ut eit mindre dagbrot.

Turstig opp til gruva

Eventyrleg utsikt frå Hamreheia. Foto: Geir Daasvatn

Det går som nemnt ein bratt stig opp til gruva. Han tek til rett ved husa i Hamre-garden. Det er ikke så langt opp, men ganske tungt å gå. På dei smalaste punkta er det hengt opp tau for å gjere passeringa trygg. Om du ikkje beintfram har høgdeskrekk, er dette ein veldig spennande stad å besøke. På toppen blir du lønna med eit eventyrleg utsyn utover Byglandsfjorden! Du passerer også toppen av den spesielle Rysefossen før du kjem til gruva.

Kjelder

Du vil kanskje også lese litt om

Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean