Ruinane etter Nygruva ved Flåt nikkelgruve. Foto: Geir Daasvatn

Flåt nikkelgruve

Flåt nikkelgruve er ei nedlagd nikkelgruve i Mykleåsen i Flot mark i Flatebygd i Evje og Hornnes. Ho var ein gong Nord-Europas største nikkelgruve!

Sjølve gruva er stengt og plombert. Men det er mykje spennande å sjå oppe på overflata også. Gruveområdet er difor ein ypparleg stad for eit besøk for deg som er interessert i gamal gruvehistorie. Frå hausten 2023 ligg Gruveblikk, dagsturhytta i Evje og Hornnes, oppe ved Nygruva. Det er ein ekstra god grunn til å vitje området.

Koppargruva

Flåt-gruva var først ei koppargruve. Holet i fjellet der malmen var teken ut, blei kalla Koparhola.

I 1872 blei selskapet Interessentskapet Evje Nikkelverk formelt skipa, og same hausten kom gruva i drift som nikkelgruve. På slutten av 1800-talet var Flåt nikkelgruve den største nikkelgruva i Nord-Europa. I 1873 kom det smelteverk til Evje, Evje nikkelverk, og gruva og smelteverket var i drift til 1946.

Ein hard arbeidsplass

Nikkelgruva, og det tilhøyrande Evje nikkelverk, var ein hard arbeidsplass. Minst 18 menneske omkom i arbeidsulukker i gruva eller på smelteverket, og mange vart hardt skadde. Det er reist ein minnestein over dei som omkom framføre den gamle gråsteinstippen i Flåt-gruva.

Korleis kjem du dit

Ta av mot Gautestad frå Riksveg 9 ved Evje kyrkje, eit par kilometer nord for Evje sentrum. Følg skilt vidare til gruveområdet. Om du kjem med bil, kan du parkere ved Flatebygd skianlegg. Derfrå følger du grusvegen forbi bommen opp til gruva. Det er kanskje om lag 500 meter å gå.

Du kjem først til Gamlegruva. Går du litt vidare oppover i skogen, kjem du til Nygruva (Loddsynken). Kommunen har sett opp informasjonsskilt i området som fortel meir om kva du ser på dei einskilde stadane.

Ta deg god tid til å fundere over det harde gruvelivet medan du vandrar rundt i ruinane, og ha ei fin og interessant oppleving!

Kjelde

Du vil kanskje også lese

Bilete

Kart over gruveområdet. Skisse: Setesdalsmuseet/Ronald Werner

Fleire kulturminne

Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen
Postvegen – Moi
Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale
Futevegen – Klevelandskleiva
Riksveg 400 – Skomemoen
Frutti Frøyrak si grav
Riksveg 400 – Syrtveit sør