Dagsturhytta 29. september 2023. Foto: Geir Daasvatn

Gruveblikk – dagsturhytta i Evje og Hornnes

Gruveblikk er dagsturhytta i Evje og Hornnes kommune. Ho ligg ved Nygruva ved Flåt nikkelgruve, om lag fem kilometer nord-aust for Evje sentrum.

Hytta kom opp hausten 2023. Ho blei offisielt opna 12. november 2023. Ho har ei verkeleg fin plassering, med majestetisk utsikt nedover mot Evje og Otradalen. Thor Widar Wienenga har rydda i skogen i og rundt Nygruva. Det er blitt opent og fint rundt dei gamle gruveruinane 💝

Hytta har tilgjenge for alle, også med sykkel, barnevogn og rullestol. Den siste bakken opp til hytta kan vere litt bratt. Så aleine kjem du truleg bare opp med elektrisk rullestol.

Evje og Hornnes har nå fått eit nytt og svært fint turmål, ja ein stor attraksjon, i det veldig spennande kulturminneområdet – og turområdet – rundt den gamle Flåt nikkelgruve!

Korleis kjem du hit

Frå parkeringsplassen går du forbi bommen og Ringeriksbua, og opp bakken 400–500 meter til Gruveblikk. Foto: Geir Daasvatn

Frå Evje sentrum køyrer du nordover på Riksveg 9 om lag to kilometer til Evje kyrkje. Du kan sjølvsagt også sykle. Ved kyrkja tek du austover og oppover mot Gautestad. Etter ca. to nye kilometer kjem du til skilt som syner veg til «Gruveområde».

Bommen på gruvevegen er flytta frå området ved Flatebygd skianlegg opp til sjølve gruva. Du kan difor nå køyre heilt opp til gruva og parkere bilen på ny parkeringsplass der. Ved parkeringsplassen er det også nytt toalett.

Den korte vegen frå parkeringsplassen forbi den gamle Ringeriksbua opp til dagsturhytta er rusta opp til god grusveg. Alle kan altså nå lett kome fram til hytta, uansett om det er på beina, med (elektrisk) rullestol, på sykkel eller på anna vis 👍

Eit fint alternativ, om du er litt sprek, er å gå frå Evje sentrum. Du kan til dømes gå Evje natursti gjennom skogen og kome oppover til gruveområdet og dagsturhytta slik.

Området Evje–Flåt nikkelgruve på Norgeskart.no

Meir om dagsturhytta

Kanskje du også vil sjå

Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!

Del "Gruveblikk – dagsturhytta i Evje og Hornnes"