Utsynet nedover mot Otradalen og Evje frå Mykleåsen. Foto: Geir Daasvatn

Mykleåsen turløype – Evje

Mykleåsen er eit fjell (512 moh.) i Flatebygd i Evje. Det går ei fin turløype gjennom gamalt, historisk gruve- og mineralterreng til toppen av fjellet.

Fleire stader er det opne glenner, der du har eit mektig utsyn ut over Otradalen og Evje.

Litt historie

Rundt 1830 prøvde dei først å ta ut koparmalm frå fjellet. I åra 1845–1847, då ei smeltehytte i Åraksbø var i drift, sprengde dei ut koparmalm i Mykleåsen og køyrde han den fem mil lange vegen til Åraksbø for smelting. Holet der malmen var teken ut blei kalla Koparhola.

I 1872 vart selskapet Evje Nikkelverk IS formelt skipa, og same hausten kom gruvedrift – Flåt nikkelgruve – i gong i Mykleåsen. I 62 år, frå 1872 til 1946, skaut dei fjell og tok ut malm i Mykleåsen.

Korleis kome dit

Følg Gautestadvegen frå Evje kyrkje mot Flatebygd. Etter Oddestemmen følger du skilt fram til Evje Mineralsti. Her er det grei parkeringsplass, rett ved den kjende Jokelidgruva.

Frå Mineralstien følger du skilt/merker mot Mykleåsen. Du går første stykket på gamal gruveveg, forbi Jokelidgruva til Landsverk-garden. Garden har ein sentral plass i gruvehistoria. I dag er det bare ruinar igjen etter husa på staden. Her er det ein triveleg sitteplass, der du kan ta ein pust i bakken om du treng det. Så langt på turen er det ganske lett stigning.

Eit lite stykke etter Landsverk-garden, forlet du gruvevegen og går inn i skogen. Løypa er godt skilta. Nå er det myke brattare stigning mest til toppen. Du går gjennom eit svært hogstfelt. Nesten oppe kjem du til ein fin trebenk på eit utsiktspunkt, der du kan kvile litt før det siste framstøytet mot sjølve toppunktet.

Eit par hundre meter vidare, gjennom skogen, ligg toppen av Mykleåsen. Det er ikke nokon utsikt utover landskapet akkurat her, då toppen ligg midt inne i skogen. Det er om lag 1,8 kilometer å gå denne vegen.

Toppen av Mykleåsen, 512 moh. Foto: Geir Daasvatn

Alternativ rute tilbake?

Nå kan du sjølvsagt ta same vegen tilbake, og få ein tur på 3,6 km. Men vi vil gjerne tilrå at du legg turen innom det gamle gruveområdet til Flåt Nikkelgruve på «heimvegen». Når du kjem ned til det grøne skiltet med «Mykleåsen» på, i hogstfeltet ca 350 meter nedanfor toppen, tek du til høgre på traktorslepe/sti. Her er det ikke merka løype. Men det er bare å følge stien fram til Nygruva. Foran deg har du eit flott utsyn mot Flatebygd og Otra i dalbotnen.

I Nygruva kan du kikke deg litt rundt i ruinane etter gruvedrifta, og lese på kommunen sine informasjonstavler om du har lyst til å vite meir om drifta av gruva. Her ligg også frå hausten 2023 Gruveblikk, dagsturhytta i Evje og Hornnes. Eit flott turmål i seg sjølv!

Flåt nikkelgruve, Nygruva, 15. april 2019. Foto: Geir Daasvatn

Frå Nygruva følger du gruvevegen ned til Gamlegruva og den svære steintippen. Også i dette området er det myke spennande å sjå, sjølv om det meste av installasjonar og bygningar blei fjerna då gruvedrifta blei avslutta.

Nå kan du bare følge grusvegen nedover forbi Flatebygd skianlegg og tilbake til Mineralstien. Denne rundturen er til saman rundt 4,3 km.

Alternativ startstad

Du kan også starte turen frå Flatebygd skianlegg. Frå parkeringsplassen ved skianlegget følger du skiløypa til Landsverk-garden. Herfrå går det merka løype til toppen; den same som når du startar turen frå Evje Mineralsti.

Eldorado for turgåarar

Området som turløypa til Mykleåsen går gjennom, er som alt nemnt eit historisk gruveområde. Det går ei mengde gamle gruvevegar og stiar i området. Om du har god tid, kan du kikke nærare på nokon av Landsverk-gruvene i Evje Mineralsti. Det går også turløyper herfrå til Dansarberga og Ørnefjell, om du vil ha ein lengre tur. Det vil føre for langt, å gi ei skildring av alle dei turane du kan få til i dette området. Nå er du blitt kjent med nokre av alternativa, og kan gjere deg betre kjent på eigahand!

Om Mykleåsen turløype hos VisitSetesdal

God tur!  

Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!

Kart: Evje og Hornnes kommune/Visit Setesdal
Del "Mykleåsen turløype – Evje"