Skraddarburet 26. februar 2017. Foto: Geir Daasvatn

Skraddarburet – Åseral

Skraddarburet er eit bur frå mellomalderen i Austegard ved Lognavatn i Åseral. Buret er den eldste profane (ikkje-religiøse) trebygninga i Vest-Agder.

Den eldste delen av bygget er den nedste høgda. Ho er åreringdatert til ca 1520–1530. Den andre høgda kom til seinare, ein gong på 1600-talet.

Riksantikvaren gav i 2015 og 2016 tilskot til restaurering av bygningen, etter at taket hadde blåse av i 2014.

Skraddarburet blei restaurert også i 1994, gjennom Riksantikvarens mellomalderprosjekt som skulle setje i stand alle profane mellomalderbygg. Det blei mellom anna bytta spontak, og svalgongane i andre høgda blei rekonstruert då desse ikkje eksisterte lenger.

«Knut Skraddar»

Opphavet til namnet «Skraddarburet» kjem frå ein av dei tidlegare gardbrukarane i Austegard, Knut Nilsson Mørk (?-1645) – eller «Knut Skraddar» som han også blei kalla. Soga om han, Skraddarsoga, er ei dramatisk forteljing.

Kjelder

Du vil kanskje også sjå

Meir om Åseral

Fleire kulturminne

Byglandsfjord dampskipsbrygge
Hauganloftet
Flatelandsmoen – Gjøvdal
Systog Dale-loftet
Bjoneskleivi – Bykle
Byglandsfjord dam – flotingsmur
Urdalsfjell bygdeborg – Evje
Fjellskarbrua – Rysstad
Postvegen – Bjørnarå
Kjeddingsteinen – Åseral
Banken i Bakken, Harstad – Valle
Heddeviki – ein gamal husmannsplass

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.