Bøgruva 16. juli 2018. Eit spennande turmål, rett i «nabolaget»! Foto: Geir Daasvatn

Bøgruva – Valle

Bøgruva er ei gamal kopargruve i Valle, i dalsida på vestsida av Otra, på garden Bø sin grunn. Det er ikkje kjent nøyaktig når denne malmførekomsten blei funnen, men i alle fall før 1826.

Gruva ligg vel ein halv kilometer i luftline nord-vest for busetnaden i Bø. I 1984 blei det bygt ein skogsbilveg frå den svære Åmli-tippen ned til gruva.

I drift frå 1844

Det var konsul Reinhardt i Kristiansand som stod bak bergverksdrifta i Valle rundt midten av 1800-talet. Det var gruver mellom anna langt inne i Straumsheia på austsida av Setesdal. Men den viktigaste gruva var utan tvil Bøgruva, skriv Sigmund Monen i det monumentale verket sitt om gamle gruvetradisjonar i Setesdal. Malmen som blei utvunnen skulle fraktast sørover til Setesdalens Kobberverk i Åraksbø.

Arbeidet i Bøgruva kom i gang rundt 1844. Alt ved folketellinga i 1845 var det 34 mann i arbeid i gruva. Men koparverket med smeltehytte i Åraksbø vart ei mislukka historie. Smeltehytta var bare i full drift nokre få år. I 1860 blei verksemda slegen konkurs. Med det var det også stopp for arbeidet i Bøgruva.

Seinare drift

Det skal ha vore noko drift i gruva etter konkursen i 1860. Det ser ut til at ny drift kom i gang rundt 1863, i regi av konsul Seippel som hadde vore driftsstyrar for Setesdalens Kobberverk. Konsul Seippel var far til den berømte bibelomsettaren Aleksander Seippel. Familien budde på Frøysnes i Bygland i mange år. I 1870 fekk Seippel mutingsbrev på gruva. Han selde rettane i gruva vidare til kaptein Henriksen. Han var mannen bak den svære gruvedrifta – Flåt nikkelgruve – som kom i gang i Flatebygd på Evje frå 1872. I åra frametter låg gruva såleis under IS Evje Nikkelverk og seinare AS Evje Nikkelverk. Det var også litt drift i gruva under 1. verdskrigen, frå 1916 til 1918. Rundt 12–13 mann skal då i gjennomsnitt ha arbeidd i gruva.

Dette er bare nokre stikkord om den spennande historia. I kjeldene som er nemnt nedanfor, kan du lese mykje meir om gruveeventyret – som truleg mest var eit enormt slit – i Bøgruva og i Setesdal.

Kjelder

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean