Hamregruva 18. juli 2022. Foto: Geir Daasvatn

Dreiv munkar etter kopar i Hamregruva i katolsk tid?

Den eldste gruvedrifta i Setesdal kan etter folketradisjonen ha vore i Hamregruva i Bygland.

Hamregruva ligg spektakulært plassert øvst oppe i eit stupbratt fjell på Hamre, på vestsida av Byglandsfjorden. Du kan lese meir om gruva i eit anna stykke her på Setesdalssida.

Her har eg lyst til å fortelle litt om eitt av segnene som er knytta til gruva i folketradisjonen. Sigmund Monen på Evje har skrive mykje om dette i det monumentale storverket sitt om gamle gruvetradisjonar i Setesdal. Dei fleste opplysningane i stykket har eg funne der. Birgit Skjevrak Skeie nemner segna i det fine stykket sitt om Hamregruva i Jol i Setesdal, 2004. Reidar Tveito på Byglandsfjord har skrive eit heilt hefte om Hamregruva og heiene innafor (2008). Segna om munkar i Hamregruva er dessutan nemnt i Byglands soge (1939), og sikkert mange andre plassar eg ikkje veit om.

Munkar frå Lyse kloster?

Segna seier at det var munkar frå Munkehaug i Valle som var dei første til å ta ut kopar i Hamregruva. Munkane brukte koparen til å lage dei heilage kara sine. Dei hadde ein liten smelteomn nede ved fjorden.

Munketo

Mellom fjorden og gruva er det ei smal fjellhylle som det går ann å gå langs. Her gjekk munkane opp og ned, når dei skulle til og frå gruva. Den bratte stigen opp fjellsida til gruva blei difor kalla Munketo, som han også heiter den dag i dag. Kristen Dale på Dale i Bygland fortalde denne historia til Sigmund Monen.

Stykket held fram under biletet

Munketo 22. juli 2022. Litt av ein arbeidsveg! Foto: Geir Daasvatn

Munkekloster i Valle?

Det skal – etter segna vel å merke – ha stått eit lite munkekloster eller ei lita munkekyrkje på Nomeland i Valle i mellomalderen. Altså lenge før reformasjonen. Leonhard Jansen skriv noko om dette i Valle kultursoge (bind VII, s. 80 flg.) Det var på sjølve Nomeland. Etter ei tid blei kyrkja flytta nordover, til Nomelandsmoen, der merka etter den gamle Nomelandskyrkja framleis er å sjå.

På Nomeland var det då bare igjen ein kross som stod oppe på ein haug. Der hadde munkane messe. Difor blei haugen kalla Krosshaug eller Munkehaug. Johannes Skar nemner denne krossen på Munkehaug. Leonhard er i kultursoga inne på om tradisjonen med åra kan ha skapt om krossen til ei kyrkje?

Frå Lyse kloster?

Etter folketradisjonen (i Bygland?) kom munkane over fjellet frå Lyse kloster i Os utanfor Bergen. Lyse kloster var eitt av dei rikaste klostera i Norge. Det er ikkje så utenkeleg at dei hadde ein liten utpost eller ei celle i Valle, skriv Sigmund Monen, i samband med den katolske kyrkja som beviseleg stod her. Så kan staden der dei budde ha blitt kalla Munkehaug.

Det er også ei soge om at gardane Sandnes og Røysland i Valle betalte ein særskilt smørskatt til Valle kyrkje. Forklaringa kan kanskje vere, heiter det i kultursoga til Valle, at dette var jord som frå gamalt låg under Lyse kloster. Etter at klosteret blei lagt ned etter reformasjonen, kan jorda så på ein eller annan måte ha kome under Valle kyrkje?

Lyse kloster vever seg altså inn i teppet på fleire vis!

Om du vil finne rette svaret må du leite vidare!

Nomeland kyrkjegard. Foto.
Nomeland kyrkjegard 4. juni 2022. Finst svaret her? Foto: Geir Daasvatn

At det stod ei kyrkje på Nomeland i Valle i katolsk tid er godt dokumentert. Den gamle kyrkjegarden kan du framleis lett finne på Nomelandsmoen.

Men nokon skriftleg eller sikker dokumentasjon på folketradisjonen om at munkar dreiv Hamregruva før reformasjonen finst ikkje, understrekar Sigmund Monen. Det finst heller ikkje nokon påliteleg dokumentasjon om munkekloster på Nomeland i Valle, slik eg les kjeldene. Kanske namnet «Munketo» like gjerne kjem etter lensherre Erik Munk, som på 1500-talet organiserte skjerp rundt om til inntekt for danskekongen? Reidar Tveito er inne på det.

Men segna er spennande! Du kan lese mykje meir om dette i storverket til Sigmund Monen, og i Valle kultursoge. Kanskje blir du nysgjerrig, og vil sette i gang di eiga forsking for å finne gode svar!

Rysefossen og gruva på Norgeskart.no

Del "Dreiv munkar etter kopar i Hamregruva i katolsk tid?"