Nomeland kyrkjegard 4. juni 2022. Foto: Geir Daasvatn

Nomeland kyrkjegard – Valle

Nomeland kyrkjegard er ein eldgamal gravplass frå mellomalderen på Nomeland i Valle, rett ved Odde Sagbruk si byggevareforretning.

Funn av graver frå vikingtida tyder på at kyrkjegarden ligg på ein eldre, heidensk gravplass.

Kyrkjegarden er ramma inne av eit lågt, nedrasa steingjerde, og måler rundt 40 X 60 m. Det er spor etter ei kyrkjetuft i det nord-austre hjørnet. Tufta er om lag 10 meter lang og 7 meter brei.

I katolsk tid var områda på vestsida av Otra eige kyrkjesokn. Det stod ei kyrkje på Nomeland då, truleg ei stavkyrkje. Ho kan ha vore i bruk frå slutten av 1000-talet og fram til rundt reformasjonen (1536).

Kyrkjegarden må ha kome ut av bruk ein gong i seinmellomalderen.

På kyrkjegarden er det mange holer etter graving. Det er truleg grave for å plyndre gravene.

Funna frå vikingtida tyder på at Nomeland var ein rik gard. Det er nok ikkje tilfeldig at det blei bygd ei kyrje akkurat her i mellomalderen.

Saka held fram under biletet

Restar etter gamalt steingjerde i terrenger, skjult av kvist og lyng. Foto.
Restar etter det gamle steingjerdet rundt kyrkjegarden. Foto: Geir Daasvatn

Korleis du finn fram

Om du kjem sørfrå på Riksveg 9, held du fram forbi innkøyringa til Valle sentrum. Du køyrer over Otra på Valle bru. Rett etter det ser du byggevareforretninga til Odde Sagbruk på vestsida av riksvegen. Der er det plass til å sette ned bilen, eller sykkelen om du er ute på ein lengre sykkeltur. Kyrkjegarden ligg litt skjult under lyng og småbuskar, rett sør for byggevareforretninga. Men gi deg god tid til å studere grunnen. Då finn du heilt sikkert mange spor etter den gamle kyrkjegardsmuren.

Kyrkjegarden på Norgeskart.no

Kjelder

Rett i nærleiken

Meir om Setesdal

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean