Den gamle Futevegen/Postvegen vest for Kjørkemoen 24. oktober 2024. Foto: Geir Daasvatn

Futevegen – Kjørkemoen til Tveit i Hovlandsdalen

Mellom Kjørkemoen og Tveit, på sørsida av Hovlandsåna, er det eit godt bevart og veldig idyllisk stykke igjen av den gamle Futevegen. Det var «hovudvegen» frå Evje austover om Herefoss til Arendal i eldre tider.

Frå Evje heldt vegen fram vidare nordover gjennom Bygland til Valle. Men det får vere til eit anna stykke seinare ein gong.

Eldre enn reformasjonen

Nøyaktig kva tid Futevegen kom til er nok vanskeleg å seie sikkert i dag. Men han var i bruk iallfall før 1624. Då var Kristian Kvart pengelaus, og måtte få inn skatt frå adel og odelsbønder, kyrkje og geistelege. Futen i Råbyggjelaget, som heldt til på Herefoss, drog oppover i Setesdal for å ta opp odelsmanntalet. Då veit me at han på tilbakevegen reid Futevegen over Kongevaheia og Kleveland til Myklebostad og vidare austover.

Etter å ha kome opp frå Furholt og forbi Vegusdal-gardane, heldt vegen fram over Kjørkemoen og vidare vestover mot Tveit. På vegen passerte han der den nye kommunegrensa mellom Birkenes og Evje og Hornnes går nå.

Om du kjem køyrande austfra mot Evje, går Arendalsvegen ned ein bakke til Skåre bru over Hovlandsåna. På toppen av bakken, før det store grustaket, er det ein stikkveg inn til vestre. Der står det ei lita brakke eller hytte. Derfrå kan du følge den gamle vegen vestover mot Tveit.

Det første stykket er vegen mest som i gamle dagar, kan me få kjensla av. Nærare Tveit er han opprusta til skogsbilveg, og langtfrå like «autentisk». Dei par gongene eg har vore på staden, har eg difor snudd på den store snuplassen om lag midtvegs mellom Kjørkemoen og Tveit, og kost meg med ein like idyllisk tur tilbake til start.

Kart over området (stipla linje er den gamle vegen, heiltrukken linje vidare til Tveit er skogsbilveg)

Stykket held fram under biletet

Gamle vegmurar nær Kjørkemoen. Foto.
Gamle vegmurar nær Kjørkemoen 24. oktober 2024. Foto: Geir Daasvatn

I bruk til rundt 1886

Futevegen mellom Herefoss og Evje var i bruk til 1840-talet. Då kom ny «hovudveg» frå Evje austover mot Arendal. Denne nye vegen er mykje kalla «Postvegen», men må ikkje forvekslast med Postvegen oppover i Setesdal som kom på om lag same tida.

Akkurat på strekninga mellom Kjørkemoen og Tveit (den stipla linja), som det er tale om i stykket her, blei «gamlevegen» bygd om til køyreveg då den nye vegen kom rundt 1840. Traseen er den same. Om me tek oss ein tur på den gamle Futevegen her, er det nok såleis for det meste den oppgraderte kjerrevegen frå 1840 me spaserer på.

I dag er også 1840-vegen for lengst ute av bruk. Først på 1900-talet blei hovudvegen mellom Vegusdal og Evje lagt over på nordsida av Hovlandsåna, og Arendalsvegen fekk meir den traseen me kjenner nå.

Kjelder

  • Oddmund Mogstad, Historisk oversyn over vegar i Råbyggjelag, stykke i Jol i Setesdal 2010, s. 6–9
  • Artikkelen om Futevegen Kjørkemoen–Tveit på Kulturminnesok.no
  • Oddmund Mogstad, artikkel om Futevegen i Setesdølen, 2009, attgjeven i Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 62

Fleire kulturminne

Gjetarhytta på Bjåen
Rygnestad og Flateland kulturlandskap – av nasjonal interesse!
Postvegen – Einang
«Setesdalsvegen» forbi Troåsen i Hægeland
Postvegen – Valle
Årdal kyrkje
I fotspora til setesdølane – Lintjønnkleiva i Øvrebø
Telefonlinja Hovden–Bjåen
Postvegen – Heimåtsvingen
Gravrøysa på Kyrkjedekkan
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Straumen – husmannsplassen til ferjemannen

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.