Smalt og vanskeleg for vegbyggarane forbi Staven. Me ser restar etter vegane som var før Riksveg 9 t.v. i biletet. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen/Riksveg 400 – Staven

Staven mellom Skomedal og Frøysnes var eit smalt og vanskeleg stykke då den første køyrevegen oppover i Setesdal blei bygd først på 1840-talet.

Postvegen blei den første køyrevegen for hjulkøyretøy kalla i Setesdal. Altså veg for hest og vogn/kjerre. Ved Staven går fjellet mest stupbratt rett ned til fjorden. Det var vanskeleg å finne plass til ein brei nok veg her.

Høge murar

Løysinga var å bygge høge steinmurar ut mot fjorden som dei kunne legge vegen oppå. Vegen forbi Staven blei utbetra i 1926, les eg i den eminente boka om Postvegen og Riksveg 9. Det var etter at dynamitten var komen i bruk for fullt. Då blei det nok også sprengt ut noko fjell for å gje meir plass til veg. Den siste utbetringa var i 1987. Då vart det sprengt ut enorme mengder med stein for å legge riksvegen der han ligg i dag.

Stykket held fram under biletet

Ein av dei svære murane ved Staven. Han ser ut til å vere tørrmurt, med stein som ikke er tilhogd. Han går loddrett ned mot fjorden. Av fleire murar her ser han ut til å vere den eldste. Foto: Geir Daasvatn

Når er murane bygde?

Det står att svære murar etter dei første vegane her, heilt ut mot fjorden. Eg er usikker på om alle murane er frå utbetringa i 1926, eller om noko kan vere frå heilt tilbake til Postvegen si tid. Murane er oppmurte på litt ulikt vis. Det kan kanskje tale for at dei er laga i ulike tidsperiodar. Men dette spekulerer eg bare på. Difor har eg teke med både Postvegen og Riksveg 400, som vegen heitte fram til 1965, i tittelen som ei slags «heilgardering»! Kanskje nokon av dykk som les stykket veit meir om vegen her og kan oppklare? Begge vegane må uansett ha gått på mest nøyaktig same staden, for her er det ikke mykje plass å velge mellom.

Stykket held fram under biletet

Muren her ligg lengst nord av dei store murane ved Staven. Han er meir skråstilt enn den me såg på biletet ovanfor, og steinane er nøyare hogde eller passa til. Han liknar etter det eg skjøner på ein vegmur ein typisk ville bygge på 1920-talet. Foto: Geir Daasvatn

Imponerande byggverk!

Murane er uansett byggeår imponerande byggverk. Dei er flotte å sjå på nært hald! Eg kjenner ein stor respekt for dei som med temmeleg enkle hjelpemiddel bygde vegar på dette viset. Det er ei lita sløyfe med gamal riksveg litt sør for murane, nærare Skomedal, inn mot fjellet. Det er mogeleg å sette ned ein bil der. Derfrå kan (må!) du kikke deg godt føre, krysse riksvegen og gå på utsida av vegfenderen dei kanskje eit par hundre meterane opp til «gamlevegen». Vel framme er det bare å nyte synet. Men ta deg i akt, det er bratt ned.

Kjelder

  • Jansen, Haugen, Røysland, Tallaksen: Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9. Bokbyen Forlag, 2018, s. 116–117

Vil du sjå/lese meir om gamle vegar i nærleiken?

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean