Dei tre bispestolane 10. oktober 2015. Foto: Geir Daasvatn

Bispestolane – spennande kulturminne og fint turmål

Segn eller sanning? Bispestolane er eit freda kulturminne, tre oppmura steinstolar, på Tellaugheia mellom gardane Espetveit og Kalland sør-vest i Evje og Hornnes.

Korleis kome dit

Frå Rv-9 på Moisund går Fv-301 (Abusdalsvegen) om lag 8 km vestover til Leiteskaret før Bispestolane hyttefelt. Du kan følge skogsbilvegen Bispevegen (over) ca 1,2 km sørover fram til Bispestolane. Dei ligg nær ein parkeringsplass for hyttefeltet i området, og er svært lett tilgjengelege for folk flest. Kulturminnet er ikkje skilta eller merka på annan måte av kommunen. Men velforeninga i hyttefeltet har på eige initiativ sett opp eit informasjonsskilt.

Artikkelen held fram under bildet

Ein av Bispestolane. Foto: Geir Daasvatn

Historie

Det blir fortalt at det var skyss-skifte mellom honndølane og bjelldølane ved Bispestolane når dei skyssa biskopen i eldre tid. Dei som først kom fram, sette seg i steinstolane for å kvile til folka frå den andre sida kom.

Men ein ekspert på gamle steinsettingar, Torfinn Normann Hageland, har peika på at ein ikkje kjenner til at det har gått nokon bispeveg i dette området. Han har også peika på at skyss-skifte ellers alltid bruka å vere på ein gard. Han meiner det kan hende at Bispestolane bare er eit rosande namn som folk har funne på, og så har nokon i ettertid dikta opp segna om biskop og bispeveg.

Tidleg på 1700-talet byrja ferdsla å ta andre og meir kjente vegar mellom desse to bygdene. Bispestolane må derfor etter alt å døme minst vere frå 1600-talet.

Bispestolane er ei av turløypene i heftet «Turløyper i Setesdal», utgjeve av Visit Setesdal. Heftet kan du få mellom anna på Evje og Hornnes bibliotek. Turen er også omtalt hos Visit Sørlandet/Setesdal.

Kjelder

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean