Hustuft i Ramselia, truleg etter innhuset, 16. mars 2025. Foto: Geir Daasvatn

Ramselia – Øvre Dåsvatn

Ramselia var ein husmannsplass ved Storebekk på Øvre Dåsvatn i Hornnes.

Staden er rett ovanfor der Storebekk kraftverk står i dag. Traktorvegen frå kraftverket opp til inntaksdammen går gjennom husmannsplassen. Ca. 200 meter ovanfor kraftverket er det ein snuplass eller velteplass på nedsida av vegen. På oversida, oppover i bakken, ligg størstedelen av husmannsplassen.

Rydda 1855

Ramselia blei rydda og bygsla kring 1855. Asbjørn Madsson Åknes-Øvre Dåsvatn (f. ca. 1824 i Åseral) og Olov Åsuvsdotter (f. 1833 på Øvre Dåsvatn) var dei første husmannsfolka.

Asbjørn og Olov hadde mange born. Ein son, Mads Asbjørnson Dåsvatn (f. 1860), og kona Ingeborg Nilsdotter (f. 1870) frå Håvestøl i Åseral, budde i Ramselia i mange år. Seinare flytta dei til Ytre Dåsvatn.

Stykket held fram under biletet

Hustuft i Ramselia, truleg etter uthus. Foto: Geir Daasvatn

«Oso Masson»

Mads og Ingeborg hadde fleire born. Ein son heitte Åsulv (f. 1908). Han budde seinare i ei hytte på Ytre Dåsvatn. Han var ein heilt spesiell original, skriv Nils Dåsvatn i boka si om barndomsminne frå Hornnes:

– Ingen kunne vere så kroket i ord som «Oso Masson», som me sa. Ein spurde: «Ko æ klokka, Oso?» «Det æ eit instrument som vise tida», fekk han til svar. «Ja, men ko mange æ ho», ville han vite. «Det var eit anna spørsmål», blei svaret.

I Ramselia i dag kan me ganske enkelt finne att minst to hustufter, truleg etter innhus og uthus. Det er lange steingjerde rundt plassen, og svære rydningsrøyser nedst i jorda. Det er grodd opp mykje skog. Men framleis er det lett å skjøne at her var det ein gong ein stad med dyrka jord og folk som sleit for føda.

Kjelder

  • Olav O. Uleberg, Hornnes I, 1969, s. 297–298
  • Nils Dåsvatn, Barndomsminne frå Hornnesbygda, utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2016, s. 40

I nærleiken

Rydningsrøys i Ramselia. Foto
Rydningsrøys i Ramselia 16. mars 2025. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Kjeddingsteinen – Åseral
Apledokk – husmannsplassen til Dalskjempa
Listeinsfjellet på Evjemoen
Røysland gravfelt i Valle
Riksveg 400 – Skomemoen
Ljosland kapell
I fotspora til setesdølane – Trebukleiva til Nilsedalane i Kristiansand
Gamlevegen ved Berdalsbru
Langeidsverdet
Riksveg 400 forbi Kalveskinnsuppsa
Træletveit gravfelt – Åraksbø
Postvegen – Hestevelt til Kroni

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.