Me kan sjå tydelege spor etter Postvegen, den første ordentlege køyrevegen oppover i Setesdal, på både austsida og vestsida av Storstraumen i Bygland.
Postvegen blei bygd oppover i dalen først på 1840-talet. Det var den første vegen der ein kunne kome fram med vogn eller kjerre med hjul. Etter å ha passert Urdviki, og krysset til Åraksbø, svinga vegen seg noko nordover og fram til ferjestaden som fekk namnet Straumen. Me må her hugse at det var korkje bru eller sluse ved Storstraumen på denne tida. Dei vegfarande måtte ferje seg over til Straumsland på andre sida av Storstraumen.
Stykket held fram under biletet

Ferjemann
I 1844 blei det tilsett ferjemann. Han heitte Knut A. Moi, men seinare Knut Straumen. Han fekk sitt eige, vesle hus på odden her.
Stykket held fram under biletet

Over på vestsida, på Straumsland, heldt Postvegen fram vidare nordover nærare fjorden enn Riksveg 9 går i dag. Her kan me følge den gamle vegen eit godt stykke forbi hyttene på staden, og gjennom skogen til han forsvinn igjen inn under dagens Rv-9.
Stykket held fram under biletet

Bru i 1858
I 1858 blei den første brua over Storstraumen, ei plankebru, bygd. Traseen til Postvegen blei då lagt noko om, til meir i området der Rv-9 går i dag.
Kjelder
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 110–115 og kart nr. 12 og 13 bak i boka