Bruket Nybu i Stavenes 3. oktober 2018. Foto: Geir Daasvatn

Stavenes kulturlandskap – Bykle

Stavenes er gnr. 16 og ei lita grend i Bykle. Ho ligg på austsida av Otra, om lag tre kilometer aust for Bykle kyrkjebygd.

Stavenesvegen går over Dam Sarvsfoss til grenda frå hausten 2015.

Aanund Olsnes skriv i Heimar og folk i Bykle at garden truleg er mellom dei eldre i Bykle. Han kan vere busett i før-kristen tid (før år 1000), eller i det minste i høgmellomalder (før år 1350).

Det er fire hovudbruk og fleire mindre bruk og eigedomar i grenda. Men den store nedgangen i landbrukseigedomar i drift i landet etter andre verdskrigen råka også Stavenes. I dag bur det etter det eg skjøner bare nokre få menneske her.

Men om dei fleste husa ikkje lenger har fast busetnad, er landskapet framleis ein vakker skatt. Eg er veldig betatt av at det høgt oppe i fjellheimen kan vere så frodig og fargerikt. I det fine landskapet ligg dei mange gamle gardsbygningane som perler på ei snor. Gamle steingjerde rundt omkring i jorda er med og set sitt preg på landskapet.

Kulturminneplanen til Bykle kommune er Stavenes framheva som kulturlandskap med regional verdi.

Stavenes på Norgeskart.no

Kjelde

Sjå også

Vekas bilete – Stavenes

Stavenes med Bykle kyrkjebygd i bakgrunnen. Foto.
Stavenes med Bykle kyrkjebygd i bakgrunnen. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Trydalstoga – Kristiansand museum
Gjetarhytta på Bjåen
Byglandsfjord dam – flotingsmur
Austad gamle kyrkjegard
Evjemoen som kulturminne
Skore i Bygland
Postvegen – Flateland bru
Postvegen – Brennevinskleiva
Smia på Koland
Skollhaugan gravfelt – Skreros
Nordigard Hoftuft-loftet
Riksveg 400 – Odden, Lauvdal