Vekas bilete

Stavenes kulturlandskap

Stavenes kulturlandskap ein vakker julidag. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Stavenes 5. juli 2017. Foto: Geir Daasvatn

Stavenes er gnr. 16 og ei lita grend i Bykle. Ho ligg på austsida av Otra, om lag tre kilometer aust for Bykle kyrkjebygd.

Stavenesvegen går over Dam Sarvsfoss til grenda frå hausten 2015.

Aanund Olsnes skriv i Heimar og folk i Bykle at garden truleg er mellom dei eldre i Bykle. Han kan vere busett i før-kristen tid (før år 1000), eller i det minste i høgmellomalder (før år 1350).

Det er fire hovudbruk og fleire mindre bruk og eigedomar i grenda. Men den store nedgangen i landbrukseigedomar i drift i landet etter andre verdskrigen råka også Stavenes. I dag bur det etter det eg skjøner bare nokre få menneske her.

Men om dei fleste husa ikkje lenger har fast busetnad, er landskapet framleis ein vakker skatt. Eg er veldig betatt av at det høgt oppe i fjellheimen kan vere så frodig og fargerikt. I det fine landskapet ligg dei mange gamle gardsbygningane som perler på ei snor. Gamle steingjerde rundt omkring i jorda er med og set sitt preg på landskapet.

I Kulturminneplanen til Bykle kommune er Stavenes framheva som kulturlandskap med regional verdi.

Biletet her tok eg då det leid mot kveld ein varm julidag i 2017. Skarp sol er ikkje det me fotografar set mest pris på. Lyset er som oftast mykje mjukare og meir behageleg tidleg om morgonen eller rundt solnedgangen om kvelden. Men det er ikkje så ofte eg har høve til å dra heilt til Bykle på fototur. Då lyt eg fotografere på den tida eg er forbi, og gjere det beste ut av det!

Fleire bilete

Hovassåna – Skrikarjuvet
Stemmen til Åmdal sag
Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad