Vekas bilete

Flygargravene på Bygland kyrkjegard

Flygargravene på Bygland kyrkjegard. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Flygargravene på Bygland kyrkjegard. «To live in hearts we leave behind, is not to die.» Foto: Geir Daasvatn

Per Ardua Ad Astra – Gjennom vanskar til stjernene. Det står øvst på alle gravsteinane på flygargravene på kyrkjegarden.

Sju unge menneske – heile mannskapet på B-17C bombeflyet frå RAF med kjenneteikn AN 525 – mista livet då flyet deira vart skote ned av tyskje jagarfly og styrta i Songedalslia, rett nord for Melejuvet i Bygland, 8. september 1941.

Skulle angripe Admiral Scheer

6. september 1941 blei fire B-17C sendt avgarde mot Norge frå Kinloss flybase i Skottland. Målet var å finne og senke det tyske lommeslagskipet Admiral Scheer, som var observert på veg inn Oslofjorden. Flya fann ikkje det svære krigsskipet, og sleppte i staden bombene over eit oljelager i Oslo hamn. Dei returnerte til Skottland utan å bli angripne av tyske jagarar.

Dei same flya som hadde vore over Oslo 6. september, drog ut på tokt igjen 8. september, for eit nytt forsøk på å øydelegge det tyske skipet.

Mellom flya var altså AN 525. Flying offiser David Romans var ved spakane. Klokka 11.25 var dei over Norge og nærma seg målet. Men dei var oppdaga av tyskerane. To tyske jagarfly av ei ny og betre utgåve av Messerscmitt 109 tok av frå Sola flystasjon. Snart følgde fleire etter. I dei to første flya sat Lt. Alfred Jakobi og Lt. Wolfgang Steinicke ved spakane.

Luftkamp over Bygland

Over Bygland gjekk dei to tyske flya til åtak på AN 525. Det engelske bombeflyet svara på angrepet. Det blei ein kort og hissig kamp høgt oppe i lufta.

Til slutt måtte AN 525 gi tapt. Flyet gjekk inn i eit gradvis brattare stup, og blei borte for dei andre engelske flya med ein svart hale av røyk etter seg. Sør for Skjevraksnuten krasja flyet i bakken, og alle som var i flyet omkom brått og brutalt. Seks blei etter styrten funne i eller rett ved flyvraket, medan den sjuande kroppen blei funne eit stykke unna, sør for Melejuvet, rundt ei veke seinare.

Dei to tyske jagarane hadde fått nokre skader på flya sine, og returnerte til Sola.

Gravlagte på Bygland kyrkjegard

Tyskerane henta ned dei seks flygarane ved flyvraket dagen etter styrten. Dei blei lagt i kister, som stod i Bygland kyrkje over natta. Neste dag var det gravferd på Bygland kyrkjegard. Sokneprest Reidar Bolling og ein tysk militærprest forretta. Tyske soldatar stod æresvakt. Etter gravferda blei portane inn til kyrkjegarden opna, og folk frå Bygland kunne kome inn for å legge ned blomar på flygargravene.

Noko seinare, etter at den sjuande døde var funnen, blei han gravlagt ved sida av kameratane sine på kyrkjegarden.

Dei som omkom

Dei sju unge mennene som døydde i styrten var:

  • Pilot officer F. G. Hart
  • Flying officer D. A. A. Romans (frå Canada)
  • Air gunner R. H. Beattie
  • Wireless operator/air gunner J. Brown
  • Observer P. B. Corbett
  • Wireless operator/air gunner W. G. Honey
  • Air gunner H. Merill (frå Canada)

Avslutning

Ved markeringa av 60-årsdagen etter flystyrten blei det setta opp ei minneplate på styrtstaden øvst i Songedalslia. Ved sida av flygargravene vart det sett opp ein propellveng frå flyet. Til det same høvet blei det gitt ut eit hefte, Luftkampen over Bygland, der det er skrive ned minne om hendinga frå personar som såg ulykka, eller som dei har fortalt om. Opplysningane i det vesle stykket her er henta frå dette verdfulle minneskriftet. Bjørgulv Straume har laga ein munnharpeslått, Luftslaget, om hendinga.

Du vil kanskje også lese

Fleire bilete

Hovassåna – Skrikarjuvet
Stemmen til Åmdal sag
Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad