Vekas bilete

Siste kvilestaden etter flystyrtane på Snøhei og Tindefjell

Krigsgraver Åseral kyrkjegard etter flystyrtene på Snøhei og Tondefjell. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Dei ti soldatgravene på Åseral kyrkjegard. Foto: Geir Daasvatn

«På kirkegården ved Åseral kyrkje står det ti hvite gravsteiner i formasjon på to rekker. Minnestøtter med innskrifter som forteller oss at her har ti unge soldater funnet sitt siste hvilested. Sammen med fire andre soldater møtte de sin skjebne natt til 22. desember 1944.«

Jørgen Åsland innleiar heftet sitt om Tragedien på Snøhei og Tindefjell på denne enkle og vakre måten. To engelske Lancaster bombefly styrta denne natta, eitt på Snøhei i Åseral og eitt nær Tindefjell i Eiken.

Bombetokt over Polen

Over 200 allierte bombefly la torsdag 21. desember 1944 ut på tokt frå ulike flybasar i England. Målet var eit oljeanlegg i Politz nord-aust for Stettin i Polen. Oppdraget blei utført, og maskinane la kursen heimover mot basane sine igjen.

To fly styrta i Åseral og Eiken

Av grunnar som aldri er blitt oppklarte kom to av flya – Lancaster CA–O og Lancaster OF–M – heilt ut av kurs. Lancasteren med kjenneteikn CA–O, på nord-vestleg kurs, skar inn i Snøhei nær Reiersdal i Åseral. Den andre Lancasteren, OF–M, krasja inn i ein åskam ved Tindefjell i Eiken.

Dei som omkom på Snøfjell og Tindehei

14 unge menn låg døde og lemlesta igjen i den kalde vinternatta. Dei var:

  • G. B. White, flygar, 23 år (gravlagd på Åseral kyrkjegard)
  • H. L. Sheperd, navigator, 31 år (gravlagd på Åseral kyrkjegard)
  • W. A. Gamble, skyttar/telegrafist, 22 år (gravlagd på Åseral kyrkjegard)
  • E. A. Underwood, bombesiktar, 21 år (gravlagd på Åseral kyrkjegard)
  • J. B. Clayton, 21 år (gravlagd på Åseral kyrkjegard)
  • N. Summers, skyttar, 20 år (gravlagd på Åseral kyrkjegard)
  • A. W. Haughan, skyttar, 26 år (gravlagd på Åseral kyrkjegard)
  • W. R. Sinclaire, flygar, 21 år, (gravlagd i Eiken)
  • G. H. Kendall, navigatør (gravlagd i Eiken)
  • T. D. Cremins, skyttar/telegrafist (gravlagd i Eiken)
  • K. Mannion, bombesiktar, 22 år (gravlagd på Åseral kyrkjegard)
  • S. B. Morgan, flymaskinist, 21 år (gravlagd på Åseral kyrkjegard)
  • G. A. O. Oliver, skyttar, 20 år (gravlagd på Åseral kyrkjegard)
  • E. J. Hobbs, skyttar, 22 år (gravlagd ved Austad kyrkje i Flekkefjord)

Snøhei

Brødrene Kåre og Grunde Reiersdal fann det styrta flyet ved Snøhei like over nyttår 1945. Dei var ute med hest og slede for å hente eit høylass. Seks av dei omkomne blei funne i nærleiken av vrakdelane. Den sjuande i mannskapet låg eit stykke frå sjølve vraket, og blei først funnen etter ei tid. Bare dei næraste fekk vite om funnet. Heimestyrkane i området blei også varsla.

Dei omkomne blei først mellombels grave ned i snøen. Litt ut på våren blei dei begravde i ei myr. Ingen andre enn dei innvigde visste om staden. Etter at freden var komen blei dei omkomne henta ned til Reiersdal. Dei blei gravlagde på kyrkjegarden i Åseral 16. mai 1945.

Tindefjell

11. mars 1945 var Arne Eiken på skitur innover i heia i Eiken. Han oppdaga då flyvraket ved Tindefjell, som var begynt å kome fram frå snøen. Arne meldte frå om funnet. Truleg kom tyskerane først til området.

Noko seinare blei folk i Eiken beordra opp til Tindefjell for å hente ned dei omkomne. Dei fann då tre av mannskapet. Dei blei frakta ned til bedehuset på Nøkland. 20. mars blei dei i det stille gravlagde av tyskerane på kyrkjegarden i Eiken.

Litt seinare fann tyskerane endå ein av mannskapet, E. J. Hobbs. Han blei dregen på ein skikjelke til Knaben. Derfrå blei han sendt ned til jernbanestasjonen på Storekvina. Tyskerane grov han ned ved bedehuset på Storekvina, rett ved jernbanestasjonen. Etter at freden var komen, blei kassa/kista han var gravlagd i teken opp igjen. Hobbs fekk ei ærefull graverd ved Austad kyrkje 25. juni 1945.

Då snøen smelta utover våren, kom dei tre siste av mannskapet fram. Tyskerane gravde dei ned i ei myr like ved. Kort etter fredsdagen 8. mai 1945 var folk frå Åseral oppe til Tindefjell og fann desse tre. 15. mai blei dei transporterte ned frå heia. 16. mai blei dei gravlagde på kyrkjegarden i Åseral, saman med dei sju omkomne frå Snøhei.

Avslutning

Det er sett opp minnesmerke om hendingane både på Snøhei og ved Tidefjell. I kjellaren på Minne kultursenter i Åseral står motoren til flyet som styrta på Snøhei. Ei mykje grundigare skildring av hendingane, saman med mange historiske bilete, kan du lese i det framifrå heftet Jørgen Åsland har skrive om tragedien. Du kan låne det m.a. på Åseral folkebibliotek. Eg fekk tak i mitt eksemplar på Norli Evje.

Kjelder

  • Alle opplysningane er frå Jørgen Åsland, Tragedien på Snøhei og Tindefjell, 2. opplag, revidert 2015

Fleire bilete

Hovassåna – Skrikarjuvet
Stemmen til Åmdal sag
Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad