Vekas bilete

Verdas største munnharpe

Verdens største munnharpe Valle. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Munnharpa i snøstorm 26. desember 2017. Foto: Geir Daasvatn

Det som skal vere verdas største munnharpe står ved skuleområdet i Valle, sør for Valle sentrum og rett ved Riksveg 9.

Munnharpa er tusenårsmonumentet i Valle kommune.

Meisteren bak monumentet er Bjørgulv Bjørgum. Ei av harpene til folkemusikaren Bjørgulv Straume var modell. Så er ho forstørra opp 50 gonger. Det er brukt 5 mm stålplater. Konstruksjonen veg 330 kg, er 3,40 m lang og 1,35 m brei.

Munnharpa er oppført i Guiness Rekordbok.

Litt om korleis biletet blei til

Eg tok dette biletet om kvelden 2. juledag i 2017. Det var sterk vind, på grensa til ein liten snøstorm. Ved å bruke eit vidvinkel-objektiv, samtidig som eg gjekk veldig nærme munnharpa, fekk eg motivet i framgrunnen og gatelysa langs vegen oppover mot Valle sentrum i bakgrunnen. Eg brukte ganske lang lukkartid, 4 sek. Snøfnugga som kom susande i den sterke vinden – i lyset frå lyskastarane på bakken – blei då til dei lange, kvite strekane rundt munnharpa. Det lagar litt «liv» i bildet, synest eg.

Eg hadde nok ikkje vore like nøgd med biletet om det «bare» var munnharpa og ikkje dei kvite «fartsstripene» og veglysa i bakgrunnen. Eg reknar meg på ingen måte som ein fotokunstnar, og må streve mykje for å finne gode motiv. Men akkurat her tykkjer eg at eg har klart å sjå eit bra motiv då eg kom køyrande forbi på Riksveg 9. I tillegg har eg tenkt litt igjennom korleis eg kunne komponere bildet, før eg sette kameraet på stativet og trykka på sjølvutløysaren. Så eg kan kanskje glimte til?!

Les meir om munnharper i Store Norske Leksikon

Kjelder

Fleire bilete

Hovassåna – Skrikarjuvet
Stemmen til Åmdal sag
Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad