Vekas bilete

Lognavatn – Åseral

Haust ved Lognavatn. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Lognavatn 5. oktober 2019. Foto: Geir Daasvatn

Lognavatn ligg ved Åknes nord–aust i Åseral. Mange meiner Lognavatn er det vakraste partiet i heile Åseral.

På austsida av vatnet ligg gardane Austegard og Espelid. På vestsida ligg Nordgard og Åknes. Her ligg også Åknes kapell og den særmerkte private vesle stavkyrkja som kunstnaren Håkon Torsland sette opp. 

Fylkesveg 351 til Bortelid går forbi Lognavatn. Her går også Fylkesveg 359 (Austegardsvegen) på nordsida av vatnet til Austegard og Espelid. Frå Espelid går det ein skogsbilveg vidare innover i heia, heilt til Koland ved Gyvatn. Frå Austegard går det veg nordover dei få kilometerane til Juvassdammen. Langs Juvassvegen ligg den svære Kjeddingsteinen.

Logna renn gjennom Lognavatn og vidare sørover til Ørevatn.

Kva som er finast kan alltid diskuterast

Det er nok mest vanleg å ta bilete av Lognavatn frå nordsida av vatnet. Det er til tider, som til dømes ein stille og varm sommarkveld, utruleg vakkert. Men ein haustdag eg var forbi stoppa eg i staden langs vegen sør for vatnet, og gjekk dei få meterane gjennom skogen bort til breidda. Då fekk eg til dette ganske fine haustbiletet.

Som sagt i innleiinga tykker nok mange det er ekstra fint rundt Logavatn. Det er ikkje noko eg bare har funne på, men som eg har lese i Olav Leirvik sitt kapittel om Åseral i Norges Bebyggelse, herredsbindet for Vest-Agder, vestre del. Så mykje rett er det nok i det, sjølv om det er eit umåteleg fint landskap mange stader i Åseral!

Kjelde

Fleire bilete

Hovassåna – Skrikarjuvet
Stemmen til Åmdal sag
Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad