Vekas bilete

Austegard i Åseral

Austegard ved breidda av Lognavatn. Landskapsfoto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Austegard 26. august 2022. Foto: Geir Daasvatn

Austegard ligg vakkert til ved nord-austre breidda av Lognavatn i Åseral.

Mange meiner nok at Lognavatn er det finaste partiet i heile Åseral. Eg er ikkje så godt kjend, og har ikkje vore overalt. Men at det er nydeleg rundt Lognavatn kan eg såvisst skrive under på.

«Knut Skraddar»

Det har ganske sikkert budd folk på Austegard frå før kristendomen kom til Åseral.  Men den berømte Knut Nilsson Mørk («Knut Skraddar») er den første namngjevne mannen i garden. Han kom truleg hit i 1590-åra ein gong. Ætta hans sit på Austegard den dag i dag.

Spennande kulturmiljø

«Gardane ved nordenden av Lognavatn utgjer eit viktig kulturmiljø med stort tidsdjup», heiter det i kulturminneplanen for Åseral. I Austegard ligg det segnomsuste Skraddarburet. Litt høgare oppe i lia ligg nabogarden Espelid med det vidkjende Espelidburet. Det er spor etter ei stolpekyrkje og gravplass på Kyrkjevodden i Åknes. Dateringa er til år 1200 eller noko tidlegare. På Kyrkjevodden ligg også Kyrkjevoddenburet, som eg i mangel på eit betre namn har kalla det. Åknes kapell er eit vakkert landemerke.

Det går skogsbilveg frå Espelid inn til Koland ved Gyvatn. Det er i grensetraktene mellom Åseral, Evje og Hornnes og Bygland. Frå Austegard går det veg nordover til Juvassdammen. På vestsida av Lognavatn går fylkesvegen vidare nordover til Bortelid.

Austegard og Lognavatn er ei reise verdt!

Dette er bare nokre få stikkord om noko av det som finst av spennande historie og ting å oppleve i området. Ta ein tur og finn ut meir sjølv! Gjerne ein varm og stille sommarkveld, så du får sett Austegard og Lognavatn på sitt aller finaste.

Kjelder

  • Artikkelen om Austegard på Setesdalswiki med kart over området
  • Tarjei Liestøl, Åseral Gard og Ætt, band I, utgjeve av Åseral bygdesogenemnd, 1976, s. 413–457
  • Frans-Arne Hedlund Stylegard, Til Guds Ære og Folkets Gavn, jubileumsbok Åseral kyrkje 1822–2022, s. 32 flg.

Meir om Åseral

Visit Sørlandet/Åseral

Fleire bilete

Hovassåna – Skrikarjuvet
Stemmen til Åmdal sag
Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad