Av Geir Daasvatn

© 2022-2024

Søkeresultat ...

Juvassdammen, Åseral. Foto.

Juvassdammen – Åseral

Juvassdammen er ein 46 meter høg betongkvelvdam i sørenden av Juvatn i Lognavassdraget i Åseral. Han stod ferdig i 1958. Eigentleg er det to dammar her, den høge Juvassdammen og ein lågare, men lengre platedam i betong rett vest for hovuddammen. Dei to dammane demmer opp

Read More »
Den kempestore Kjeddingsteinen rett i vegkanten langs Juvassvegen. Foto.

Juvassvegen – Åseral

Juvassvegen går frå Austegard i Åseral, på austsida av elva Logna, nordover til Juvassdammen i søre enden av Juvatn. Det er ein fin sykkeltur! Vegen er om lag seks km lang. Han er open for almenn ferdsle, om du vil køyre med bil. Han går mellom anna forbi

Read More »
Gamle husmurar i vasskanten på Helleren. Foto.

Helleren – Åseral

Helleren ved Juvatn i Åseral er ein av mange gardar i landet vårt som måtte flyttast frå då framsteget kravde sitt. Helleren – eller Hedderen som åsdølane seier – ligg på vestsida av Juvatn, nord-aust for Bortelid, heilt nord i

Read More »
Sandstranda på Kyrkjeodden. Foto.

Åknes – Lognavatn

I Åknes ved Lognavatn finn du ein av dei beste badeplassane i Åseral. Her er det nydeleg, sørvendt sandstrand, benkar og bord, grillplass, sandvolleyballbane og toalettanlegg. Rett ved ligg det vesle, vakre Åknes kapell. Ikkje langt unna, på Kyrkjevodden, var

Read More »
Haust ved Lognavatn. Foto.

Lognavatn – Åseral

Lognavatn ligg ved Åknes nord–aust i Åseral. Mange meiner Lognavatn er det vakraste partiet i heile Åseral. På austsida av vatnet ligg gardane Austegard og Espelid. På vestsida ligg Nordgard og Åknes. Her ligg også Åknes kapell og den særmerkte private vesle stavkyrkja som kunstnaren Håkon Torsland sette opp.  Fylkesveg 351 til Bortelid går forbi Lognavatn. Her går også Fylkesveg

Read More »
Austegard ved breidda av Lognavatn. Landskapsfoto.

Austegard i Åseral

Austegard ligg vakkert til ved nord-austre breidda av Lognavatn i Åseral. Mange meiner nok at Lognavatn er det finaste partiet i heile Åseral. Eg er ikkje så godt kjend, og har ikkje vore overalt. Men at det er nydeleg rundt Lognavatn kan eg såvisst

Read More »
Skraddarburet. Stabbur. Foto.

Skraddarburet – Åseral

Skraddarburet er eit bur frå mellomalderen i Austegard ved Lognavatn i Åseral. Buret er den eldste profane (ikkje-religiøse) trebygninga i Vest-Agder. Den eldste delen av bygget er den nedste høgda. Ho er åreringdatert til ca 1520–1530. Den andre høgda kom til seinare, ein gong på 1600-talet. Riksantikvaren

Read More »
Espelidburet, stabbur, Åseral. Foto.

Espelidburet – Åseral

Espelidburet er eit stabbur frå mellomalderen på gardsbruket Der Nord i Espelid i Åseral. Buret skal vere frå 1600-talet, 1. kvartal. Garden høyrer i dag til etterkomarar etter professor og statsråd Knut Liestøl, son til Sigrid og Olav K. Liestøl. Korleis kjem du dit Køyr til

Read More »
Kjeddingsteinen. Enorm stein. Foto.

Kjeddingsteinen – Åseral

Kjeddingsteinen er ei svær steinblokk langs vegen til Juvassdammen i Åseral. Steinen har tydeleg ikkje ramla ned frå fjellet. Det har gitt opphav til ei segn om at det var ei trollkjerring som kom berande med steinen og sette han ned der i år 1000. Så

Read More »