Kjeddingsteinen rett ved Juvassvegen 14. oktober 2023. Foto: Geir Daasvatn

Juvassvegen – Åseral

Juvassvegen går frå Austegard i Åseral, på austsida av elva Logna, nordover til Juvassdammen i søre enden av Juvatn. Det er ein fin sykkeltur!

Vegen er om lag seks km lang. Han er open for almenn ferdsle, om du vil køyre med bil. Han går mellom anna forbi dei vakre fossane Store-Rjukan og Lisle-Rjukan i Logna-elva. Her er mange fine badeplassar om sommaren. Du kjem også forbi den segnomsuste Kjeddingsteinen. I 2023 er vegen utbetra med grøfterensking, nytt dekke og andre oppgraderingar.

Juvassvegen rett under Juvassdammen 14. oktober 2023. Foto: Geir Daasvatn

Vegen går gjennom eit nydeleg heieterreng. Sett bort frå ei siste bratt stigning opp til dammen, høver han glimrande for ein sykkeltur. Juvassdammen ved enden av vegen er ein stor turistattraksjon i Åseral.

Korleis kjem du hit

I rundkøyringa på Riksveg 9 i Dåsnes tek du nordover gjennom Dåsvannsdalen mot Bortelid. Etter 32 km kjem du til Røynli. Du køyrer vidare nordover 2 km til Lognavatn. Der skal du over elva mot Austegard, om lag 2 km. Rett før busetnaden i Austegard står det skilt som syner vegen til Juvassdammen.

Kjem du via Kyrkebygd i Åseral, køyrer du nordover gjennom Lognadalen til Lognavatn.

God tur!

Du vil kanskje også sjå

Meir om Åseral

Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!

Del "Juvassvegen – Åseral"