Vekas bilete

Flårenden i Valle

Vakker sommardag ved Flårenden i Valle. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Flårenden 6. juni 2020. Foto: Geir Daasvatn

Flårenden er garden som ligg lengst sør i Valle sokn, ved søndre enden av Flåni i Otra.

Nabogarden i sør er Uppstad i Hylestad. Mot nord ligg Bø.

I dag kryssar Riksveg 9 Otra i Flårenden. Brua er bygd i samband med ei vegomlegging i 2004. Me ser ho litt til venstre i biletet. Ho avløyste ei sprengverksbru av stål, sett opp i 1956–1957.

Den første brua over Otra i Flårenden, over Sogejuvet, kom i 1867. Det var ein solid konstruksjon av tømmer, og med nokre svære brukar av hoggen stein. Brukara kan me framleis sjå på begge sider av elva. Denne første brua gjorde altså teneste i rundt 90 år før ho fekk fortent avløysing.

Den første køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal blei bygd på 1840-talet. Vegen gjekk då i lia noko ovafor dagens Riksveg 9, og kom ned i tunet i Flårenden. Gardbrukarane i Flårenden hadde kongeleg løyve til å ferje folk over til austsida av elva, der Postvegen heldt fram vidare oppover langs Flåstrondi til Valle kyrkje. Men ferjinga tok naturleg nok slutt då det kom bru over Otra, og «hovudvegen» ikkje lenger svinga innom tunet i Flårenden.

Ferjinga over Otra her har elles ei lang historie. Minst frå 1700-talet blei det ferja mellom Sandnes litt lenger nord og Flårenden.

Det er så utruleg fint i Flårenden og oppover langs Flåni, spesielt når det er heilt blikk stille. Heiter det forresten Flåni, Flåne eller Flåren? Eg er ikkje så spesielt godt kjend her; eg køyrer bare tilfeldigvis forbi ein gong innimellom. Men teksten i «Mellom bakkar og berg» (Nordmannen) kan ikkje vere langt unna sanninga:

Og naar Liderna grønka som Hagar
Naar det laver av Blomar paa Straa
Og naar Næter er ljosa som Dagar
Kann han ingenstad vænare sjaa

Ivar Aasen

Kjelder

Faktaopplysningane her har eg funne i den framifrå boka Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, skrive av Leonhard Jansen m.fl, i Reidar Tveito si spennande bok Riksveg 9. Bruer og særtrekk langs vegen og på Setesdalswiki. Om du synest lokalhistorie er interessant, er dette gode kjelder til meir kunnskap om emnet.

Fleire bilete

Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad
Klepp – Evje
Bykil – Botsvatn
Den gamle steinvegen i Flårenden
Lognavatn – Åseral
Flygargravene på Bygland kyrkjegard
Stavenes kulturlandskap