Nautedalsåni bru 27. november 2022. Foto: Geir Daasvatn

Nautedalsåni bru – Riksveg 400

Nautedalsåni bru står igjen etter den gamle Riksveg 400 mellom Fånefjellstunnelen og Lauvdal i Bygland.

Det blei bygd ny veg rundt Lisle Fånefjell i 1923. Då måtte også vegen vidare nordover mot Lauvdal leggjast om. Før dette gjekk vegen, den såkalla Postvegen, som kjend opp Fånekleiva og fram til Lauvdal høgare oppe i lia.

Ein kilometer eller så nord for der du i dag kjem ut av Fånefjellstunnelen på veg nordover, kjem Nautedalsåni nedover lia før ho renn ut i Byglandsfjorden. Då måtte det byggjast ei bru over åna. Det er stålbjelkebrua du ser på bileta her.

Brua vart altså bygd i 1923, og var i bruk på den gamle Setesdalsvegen – Riksveg 400 – til 1962.

Rett på nordsida av brua er det plass til å sette ned bilen. Her står også info-skilt om den gamle Postvegen som gjekk rett oppe i lia ovafor brua, etter å ha kome opp den bratte Fånekleiva. Det er ei nydeleg turløype. Du har såleis fleire gode grunnar til å innvilge deg sjølv ein liten stopp langs vegen her!

Kjelder

Sjå også

Brua 31. desember 2019. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Byglandsfjord dam – flotingsmur
Deknehola ved Storstraumen
Gamle setesdalsvegen – Gylii
Dalemannsteinen – Fennefoss
Rygnestadtunet – det mest særmerkte i Setesdal
Listeinsfjellet på Evjemoen
Syrtveitsfossen – flotingsmurar
Postvegen – Lauvdalsodden
Lundarhalsen – heidensk offerstad på Frøysnes?
Postvegen – Bakken
Ljosland kapell
Mølletrappa ved Fennefossen

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.