I Homsåne (Kvinnåne) i Homme i Valle står det att ein vassdriven tøystamp. Her kunne folk få stampa vevane sine, altså få tøvt dei til ferdig vadmål.
Eg har lese at det var tøystampar rundt om i både Bykle, Valle, Hylestad og Bygland. Då var det sikkert slike i min eigen heimkommune Evje og Hornnes òg. I Homsåne aleine skal det ha vore fire stampar. I dag står bare ein av dei att. Det er stampen til Lavrans Hallvardsson Homme (f. 1894, d. 1958). Bygget er eit eineståande minne om korleis bygdefolk kunne lage kompliserte tekniske innretningar som gjorde dei sjølvhjelpne på mange område (Vidar Toreid i Setesdal og setesdølar, 2020, s. 65).
Stampane er kjende frå langt tilbake i tida. Men det var truleg først på 1800-talet dei kom i bruk mellom bøndene i Norden. Dei var i bruk så lenge det var vanleg å veve ulltøy til dagleg bruk på gardane. Her kunne folk få stampa vevane (tøystykka) sine, altså få tøvt dei til ferdig vadmål. Stampinga var ei «etterbehandling» av det vove tøyet. Stamping av ullstoffet gjorde at det blei tettare, varmare, meir stabilt og slitesterkt.
Korleis fungerte stampane?
Sett frå utsida kan ein tøystamp likne ikkje så lite på eit kvernhus. Det er eit lite, firkanta og tømra bygg som ligg ved ein bekk eller ei elv. Om alle fungerte på nøyaktig same viset veit eg ikkje. Så eg tek utgangspunkt i stampen i Homsåne.
Veven (tøyet) blei lagt i ei renne eller eit stort tròg med varmt vatn inne i stampehuset. Ei vassrenne førte vatnet inn mot eit vasshjul på utsida. Vasshjulet dreiv ein kraftig, horisontal hjulstokk med knastar som løfta og slapp dei store, loddrette stampestokkane som banka veven inne i huset. Ulla blei då filtra saman, slik at tøyet blei tett og varmt (Valle kultursoge, VIII, s. 276).
Stykket held fram under bileta


Stampen i Homsåne er fint restaurert
I Valle hadde som sagt Lavrans Homme stamp i Homsåne, der han tok på seg arbeid for folk. Staden kallast Mjunøy. Det er like i nærleiken av Homsåne kraftverk. Lavrans skal ha vore den siste i Valle som stampa for folk. I 1998 blei stampen restaurert av Torjus Uppstad. På ein video på YouTube, Stamping av vadmål, kan me på ein glimrande måte sjå i detalj korleis det sinnrike systemet verka.
Kanskje er dette den einaste stampen som framleis finst i Setesdal i dag? Eit særs verdfullt kulturminne! Karin Bøe eig stampen i dag. Det er også ho som stampar tøy på videoen frå 1998.
Kjelder
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VIII, Kultursoge, utgjeve av Valle kommune, 1994, s. 276–277
- Alfred Ryningen, Valle kommune V, Gards- og ættesoge, utgjeve av Valle kommune, 1987, s. 465 og s. 531 m.fl.
- Vidar Toreid, Sogevandring i «industrieventyr», stykke i Setesdal og setesdølar, 2020, s. 64–65
- Artikkelen om stampemølle på Wikipedia (bokmål)