Den gamle riksvegen som gjekk rundt Topteneset på Frøysnes i Bygland til 1978. Foto: Geir Daasvatn

Topteneset – spennande vegmiljø i Bygland

Ved Topteneset langs Riksveg 9, rett sør for Frøysnes i Bygland, er det spor etter tre hovudvegar gjennom Setesdal. Det er verkeleg ein spennande plass å ta eit lite stopp, om du er interessert i gamle vegminne.

Topteneset stikk ut i Åraksfjorden. Den gamle Postvegen gjekk rett over fjellknausen her. Postvegen var den første brukelege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, og blei bygd fram til Valle i 1840-åra. Forbi her kom han truleg rundt 1842.

Saka fortset under biletet

Gamlevegen i skogen på oversida av Rv-9. Foto.
Den gamle vegen som var i bruk til 1920-talet er framleis lett å sjå i skogen på vestsida av Rv-9. Foto: Geir Daasvatn

– Toptenesbakken var ein annan av bakkane som var vanskeleg å greie for bilar, så på 1920-talet vart vegen lagt rundt neset, skriv Leonhard Jansen m.fl. (Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 116)

Saka fortset under biletet

Vegen rundt Topteneset frå 1920-talet til 1978. Foto.
Frå 1920-talet til 1978 gjekk vegen rundt Topteneset. Foto: Geir Daasvatn

I 1978 blei det sprengt ut ei høg skjering som Riksveg 9 i dag går gjennom i ein slak sving.

Saka fortset under biletet

Riksveg 9 gjennom Topteneset. Over Topteneset, til venstre i biletet, gjekk den første Postvegen. Til høgre ser me starten på vegstykket frå 1920-talet, som altså går rundt fjellet. I dag susar nok dei fleste av oss forbi i full fart, kanskje på veg til ein betre søndagsmiddag på Ose Turistheim eller hytta på Hovden, utan å tenke eitt sekund på at nå passerte me just eit historisk vegmiljø. Foto: Geir Daasvatn

Kulturminneplanen for Bygland kan du lese meir om både Topteneset og mange andre spennande kulturminne i kommunen.

Kjelder

Rett i nærleiken

Meir om Setesdal

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean