Lundarhalsen på Frøysnes. Foto: Geir Daasvatn

Lundarhalsen – heidensk offerstad på Frøysnes?

Lundarhalsen er eit nes som stikk ut i Åraksfjorden, på gardsbruket Oppigard på Frøysnes i Bygland.

På neset fann frøysnesfolk langt tilbake i tid ei flat helle som var «bygd opp». Over denne hella låg ei stor, flat helle. Det var også svart jord der; det såg ut til at det hadde vore brent på plassen. Dateringa av funnstaden er usikker.

Fagfolk frå Oldsaksamlinga som undersøkte funnet nærare meinte det kunne vere ein gamal gravplass, men meir truleg ein offerstad for guden Frøy.

Dyrkinga av Frøy var utbreidd i Norden, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt, og stadnamn på Frøy vitnar om det. Kanskje var Frøysnes ein slik heilag stad i heidensk tid?

I ein svært interessant artikkel i Egde nr. 1/2023, Guder og makter på Agder før kristendommen, skrive av arkeolog Morten Olsen, får me vite mykje meir om dette temaet. Olsen nemner både Frøysnes og Lundarhalsen, og at Lundar-namnet er ein indikator for heidenske aktivitetar. Heilage lundar var sentrale i mytologien i fleire polyteistiske religionar.

Frøysnes med Lundarhalsen på Norgeskart.no

Kjelder

Rett i nærleiken

Fleire kulturminne

Espelidburet – Åseral
Nesodden gravrøys
Dalevegen – Kvinnåne, Rysstad
Skraddarburet – Åseral
Hamregruva – Bygland
I fotspora til setesdølane: Helveteskleiva ved Langevatn
Skomedal skulehus – Bygland
Homme skulehus – Valle
Stigemo, Skomedal
Dam Longeraksvatn
Tveitbakk – flotingsmur
I fotspora til setesdølane – Langelands mølle til Reiersdal

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.