Gravrøysa på Nånesodden 9. november 2017. På andre sida av fjorden ligg Lauvdal. Foto: Geir Daasvatn

Gravrøysa på Nånesodden

Nånesodden, på vestsida av Byglandsfjorden, ligg det ei gravrøys. Ho høyrer til den spesielle typen gravminne som vert kalla åsrøys.

På Kulturminnesøk.no heiter det at ho er frå jernalderen. I ei undersøking sommaren 2012 i samband med erosjonssikring fann dei brentebein frå menneske og ein pinsett frå yngre bronsealder, noko som var ei stor overrasking for arkeologane. Beinrestene er tidfesta til år770–431 f.Kr. Ut frå andre funn på staden, og andre kjende arkeologiske forhold, meiner arkeologane å kunne tidfeste gravminnet til tidsromet 770–500 f.Kr.

Ved undersøkinga i 2012 målte gravrøysa 6,6 X 5,5 meter. Opphaveleg har ho vore noko større. Røysa hadde eit kammer på 2 x 0,5 m som var bygd opp av kantstilte stein. Retninga var mot Lauvdal. Etter undersøkinga vart gravrøysa restaurert.

Funnet på Nånes gjer at ein reknar med at fleire av gravrøysene rundt Byglandsfjorden er frå bronsealderen.

Nånes på Norgeskart.no

Kjelde

  • Artikkelen om gravminnet på Nånesodden på Kulturminnesok.no

Fleire kulturminne

Heddistoga – Rysstad
Riksveg 400 – Syrtveit til Døletorv
Nomelandshaugen
Åknes kapell
Birkåsen – Hornnes
Årdal kyrkje
Postvegen – Valle
Galtelandsteinen – historisk sus ved Fennefossen
Byvegen i Åseral – Krokstean
Sørstemmen – Jordalsvatn
I fotspora til setesdølane: Moldkleiv på Mosby
Geiskelihytta – Bykle

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.