Postvegen var det setesdølane kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal. Forbi Ærekilen og vidare nordover gjennom Hornnes kom han rundt 1840.
I 1827 blei Georg Daniel Bart Johnson vegmeister. Alt i 1833 la han fram ein plan om veg oppover i Setesdal. I 1835 var det køyreveg for hest og vogn fram til Kile i Hægeland.
Gjennom Hornnes om lag 1840
Etter nokre års opphald, starta vegbygginga vidare nordover frå Kile. Vegen kom gjennom Kiledalen i Hægeland, gjekk opp Kiledalskleiva, nedover igjen til Pederstjønn, opp Pederskleiva og ned igjen til Ærekilen. Dette var kring 1840 eller så.
Langs sørsida av Ærekilen er mykje av den gamle vegen meir eller mindre intakt. Han er bygd opp med svære murar ut mot kilen for å få jamn vegbane. Truleg er murane reparert i fleire vender etter at vegen kom i bruk. Aslak Fjermedal skriv i den ålmenne kultursoga for Iveland (bind III, s. 305) at noko meisterverk kunne ikkje arbeidet med vegen gjennom Hornnes vere. Han refererer til vedtak i formannskapet for Hornnes og Iveland i 1848. Der er det sagt at murane på mange stader ser ut til å snart kunne falle ned, då dei både er skeive og hallar ut frå vegen.
Etter Ærekilen gjekk vegen opp Pelekleiv og vidare nordover forbi Hodneøygard, over Lindåna på bru og fram til Hodnekilen. Derfrå går ein «modernisert» variant av vegen fram til Slettefet, der han munnar ut i Riksveg 9. Desse strekningane kjem eg tilbake til i andre stykke. I den glimrande boka Leonhard Jansen m.fl. har laga om Postvegen og Riksveg 9 er det kart bak i boka som nøyaktig syner kor vegen gjekk.
Nydeleg turløype
Du kan gå på den gamle vegen, og sykle store delar av han, heilt frå Slettefet til Kiledalskleiva. Det er ei strekning på fleire kilometer. Det er ei nydeleg turløype!
Stykket held fram under biletet
Kort om historia bak vegen
Kvifor kom det køyreveg oppove i Setesdal såpass tidleg som på byrjinga av 1840-talet? Den viktigaste vara setesdølane hadde å tilby var tømmer. Kjøpmennene i Kristiansand var svært interesserte i å få hand om denne tømmerhandelen. Difor var det ingen motstand mot prosjektet, sjølv om det framleis var mykje ugjort vegarbeid i meir sentrale strøk.
Ved kongeleg resolusjon 23. april 1839 gjorde regjeringa såleis vedtak om å bygge veg frå Kristiansand til Valle kyrkje, og løyvde 58 000 speciedalar av statskassa til føremålet. Vegen var meint å skulle vere eit «spleiselag» mellom staten og oppsittarane langs vegen. Det offentlege skulle opparbeide dei vanskelegaste og farlegaste strekningane. I 1844 var vegen farbar opp til Valle, og i 1846 heilt ferdig.
Kjelder
- Leonhard Jansen, Pål Arnfinn Haugen, Olav Røysland og Harald Tallaksen, Frå postveg til riksveg –vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018
- Oddmund Mogstad, Byvegen frå 1840 frå Moi til Kiledal, artikkel i Lokalhistoriske perler. På tur med Oddmund Mogstad, Evje og Hornnes Sogelag, 2018
- Kulturminnesok.no, Setesdalswiki, Norgeskart.no
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, bind I, 1990