Birkåsen 3. april 2021. Foto: Geir Daasvatn

Birkåsen – Hornnes

Birkåsen, eller Bærkjåsen i Hornnes-dialekta, er ein gamal husmannsplass i Hornnes.

Plassen er gått ut frå Futegarden i Hornnes. Simon Alfson Roland fekk husmannssetel på plassen i 1852. Han var den første som rydda og bygde hus der frå 1852 og utover. Han og familien tok etter det Birkås til etternamn.

Trekunstnaren Salve Birkås

Alv Simonson Birkås, eldste son til Simon Alfson og kona Aslaug Nottosdotter Birkås, flytta til Birkåsen og slo seg ned der rundt 1870. Han var gift med Tomine Taraldsdotter Birkås. Der blei trekunstnaren Salve Birkås fødd 18. mai 1881 som nr. 7 av 11 sysken.

I følge folketeljinga år 1900 budde det då ni menneskje i Birkåsen. Bygningane var eit setehus og eit uthus. Det var husdyr på plassen, det blei sådd korn og sett poteter, og det var ein kjøkkenhage.

I 1905 døydde Tomine Birkås. Mannen Alv Simonson vart då buande att i Birkåsen saman med dei tre sønene Salve Birkås, Tarald Alvson Birkås og Knut Alvson Birkås.

Alv Simonson blei etterkvart gamal og sjukeleg, og flytta frå Birkåsen til den eldste dottera Åslaug Jortveit på Kjetså. Han døydde i 1921.

Notto Halland

Birkåsen låg så aude ei stund utover i 1920-åra, til Hornnes kommune kjøpte den dyrka jorda i Futegarden frå Opplysningsvesenets fond med tanke på gymnastomt. Notto Halland, født 1878 og ein av sønene etter Alv Simonson Birkås og Tomine Birkås, fekk då kjøpt husmannsplassen der han var fødd, med litt utmark, og flytta dit rundt 1927.

Notto Halland døydde i 1942. Sonen Alv Halland, født 1903, overtok då det som nå var blitt sjølveigarbruket Birkåsen.

Alv Halland og systera Torborg (fødd 1900) vart dei siste fastbuande i Birkåsen. I 1974 blei eigedomen overdregen til systerson til Alv, arkitekt Torleiv Sannes i Kristiansand. Han bygde ei god vinterisolert hytte til bustad for Alv og Torborg, og restaurerte den gamle stovebygningen. Torborg døydde på Hornnes gamleheim i 1979. Alv døydde i 1981.

Steingjerde og rydningsrøyser «overalt»

Steinrøys i Birkåsen. Foto.
Ei av dei mange steinrøysene. Foto: Geir Daasvatn

Dei som budde i Birkåsen hadde ord på seg for å vere veldige arbeidsfolk. Det kan du mest sjå på alle dei lange steingerda som framleis omkransar staden. Eg for min del kjenner på ei ærefrykt for desse strevsame menneska, når eg vandrar rundt i den gamle slåttemarka oppe i Birkåsen og tenker på alt slitet dei må ha hatt.

I 2023 er den gamle husmannsplassen seld ut av familien. Nye heimelshavarar er Helena Hannås og Sindre Borgen Kristiansen.

Korleis finn du Birkåsen

Ta deg ein fin sykkel- eller gåtur langs Kvietjønnvegen i Hornnes! Eller kikk på kartet under.

Birkåsen på Norgeskart.no

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean